Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i industrien
Norsk industriproduksjon var om lag uendra i første kvartal i år samanlikna med fjerde kvartal i fjor, viser sesongjusterte tal. Det var ein liten nedgang i produksjonen av innsatsvarer og konsumvarer.
Produksjonen av innsatsvarer gjekk ned med 1,1 prosent. Dette hang saman med ein nedgang i treforedling og kjemiske råvarer. Trelast- og trevareindustrien og ikkje-jarnhaldige metall hadde ein auke i produksjonen.
Konsumvarer
Produksjonen av konsumvarer hadde ein liten nedgang i første kvartal i år samanlikna med fjerde kvartal i fjor. Dette var knytt til norsk næringsmiddelindustri som hadde ein nedgang på 5,5 prosent, noko som mellom anna hang saman med ein nedgang i produksjonen av fisk og fiskevarer.
Investeringsvarer
Det var små endringar i produksjonen av investeringsvarer i siste periode. Transportmiddelindustrien og elektroteknisk og optisk industri hadde ein liten auke i produksjonen, medan oljeplattformer og metallvareindustrien hadde ein liten nedgang i første kvartal i år samanlikna med fjerde kvartal i fjor.
Produksjonsindeksen for industrien. Mars 2005. Prosentvis endring |
Vekekorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars 2004- mars 2005 | Januar-mars 2004- januar-mars 2005 | Februar-mars 2005 | Oktober-desember 2004- januar-mars 2005 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -7,0 | -4,6 | -2,0 | -1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -11,8 | -9,0 | -3,1 | -3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -0,4 | 2,8 | -0,4 | -0,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 34,0 | 22,3 | 3,4 | 22,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -1,6 | 3,7 | -3,1 | -1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 4,5 | 6,5 | 0,6 | 0,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -3,1 | -1,4 | -0,4 | -1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -7,6 | -6,0 | -2,2 | -1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no