Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i industrien
Det har vore små endringar i norsk industriproduksjon frå februar til april i år samanlikna med dei tre førre månadene, viser sesongjusterte tal. Det er likevel skilnader mellom næringane.
Produksjonen i elektroteknisk og optisk industri hadde ein auke. Dette hang saman med god eksportretta etterspurnad for til dømes produksjon av måle- og kontrollinstrument og industrielle prosesstyringsanlegg. Innanfor maskinindustrien var det også verksemder som hadde auke i aktiviteten, sjølv om næringa samla hadde ein liten nedgang. Auken i aktiviteten var her knytt til produksjon av skipsutstyr.
Plattformindustrien
Plattformindustrien hadde ein nedgang i produksjonen frå februar til april i år samanlikna med månadene før. Dette hang saman med endringar i produksjonsmønsteret i næringa. Feltutbyggingar på norsk kontinentalsokkel er no knytte til arbeid med landanlegg og undervassløysningar og i liten grad plattformer og modular. Verksemd for eksport kan trekkje opp aktiviteten i denne delen av næringa utover i 2005.
Konsumvarer
Det var ein nedgang i produksjonen av konsumvarer frå februar til april i år samanlikna med dei tre førre månadene. Dette hang saman med nedgang i næringsmiddelindustrien knytt til produksjonen av fisk og fiskevarer.
Innsatsvarer
Produksjonen av innsatsvarer har også hatt ein nedgang samanlikna med månadene før. Det var ein nedgang i produksjonen av kjemiske råvarer og i treforedling. Desse næringane hadde ein tilsvarande auke i perioden før.
Produksjonsindeksen for industrien. April 2005. Prosentvis endring |
Vekekorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April 2004- april 2005 | Januar-april 2004- januar-april 2005 | Mars-april 2005 | November 2004-januar 2005- februar 2005-april 2005 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 4,0 | -2,2 | 4,7 | 1,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 2,9 | -5,7 | 6,3 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 5,6 | 3,5 | 2,2 | -0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 35,7 | 25,2 | -3,1 | 19,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 3,8 | 3,9 | 5,3 | -2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 8,4 | 6,9 | 1,1 | -0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 4,3 | -0,2 | 1,3 | -1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 7,4 | -2,7 | 6,8 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no