8642_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8642
Brei vekst i industrien
statistikk
2005-09-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Brei vekst i industrien

Det var ein auke på 1,9 prosent i norsk industriproduksjon frå mai til juli i år samanlikna med dei tre førre månadene, viser sesongjusterte tal. Alle varetypane utanom energivarer hadde ein vekst i produksjonen.

Produksjonen av innsatsvarer hadde ein vekst på 2,4 prosent. Dette heng saman med ein auke innanfor til dømes produksjonen av kjemiske råvarer og i trelast- og trevareindustrien. Veksten i produksjonen av kjemiske råvarer var knytt til ein god eksportretta etterspurnad og ein aukande produksjonskapasitet i næringa. Ein klar vekst i byggeverksemda i Noreg gjennom 2005 har verka inn på produksjonen i trelast- og trevareindustrien. Elles hadde metallindustrien og treforedling ein liten auke i produksjonen frå mai til juli i år, samanlikna med månadene før.

Investeringsvarer

Det var ein vekst på 2,2 prosent i produksjonen av investeringsvarer frå mai til juli i år samanlikna med dei tre førre månadene. Maskin- og transportmiddelindustrien hadde ein klar vekst. Dette var knytt til auken i norsk skipsbygging i 2005 med utrustning av nye forsyningsskip og offshorespesialfartøy. Arbeid med landanlegg og undervassløysingar til dei eksisterande feltutbyggingane på norsk kontinentalsokkel har gjeve vekst i plattformnæringa frå mai til juli i år samanlikna med månadene før. Metallvareindustrien og elektroteknisk og optisk industri har også hatt ein auke i produksjonen i same periode.

Konsumvarer

Produksjonen av konsumvarer hadde ein auke på 1,9 prosent frå mai til juli år samanlikna med dei tre førre månadene. Dette var knytt til vekst innanfor næringsmiddelindustrien og i møbelindustri og annan industri, medan det var ein mindre auke i forlag og grafisk industri.

Produksjonsindeksen for industrien. Juli 2005. Prosentvis endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
 Juli 2004-
juli 2005
Januar 2004-juli 2004-
januar 2005-juli 2005
Juni 2005-
juli 2005
Februar 2005-april 2005-
mai 2005-juli 2005
 
Totalindeksen-3,4-2,81,10,2
     
Olje- og gassutvinning-5,7-6,51,2-0,3
Industri4,03,7-0,11,9
Kraftforsyning47,527,610,7-5,5
     
Etter varetype    
Innsatsvarer3,73,70,12,4
Investeringsvarer7,67,1-0,32,2
Konsumvarer2,80,61,51,9
Energivarer-2,4-3,83,7-1,8
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller

Tabeller til publiseringen