8639_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8639
Små endringar i industrien
statistikk
2005-10-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningaugust 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i industrien

Norsk industriproduksjon var om lag uendra frå juni til august i år samanlikna med perioden frå mars til mai, viser sesongjusterte tal. Produksjonen av innsatsvarer hadde ein auke, medan investeringsvarer hadde ein liten nedgang.

Produksjonen av innsatsvarer hadde ein auke på 1,9 prosent frå juni til august samanlikna med den førre perioden på tre månader. Dette hang saman med vekst i produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall og kjemiske råvarer. Trelast- og trevareindustrien har også hatt ein liten auke i produksjonen.

Investeringsvarer

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein nedgang på 0,3 prosent frå juni til august i år samanlikna med perioden frå mars til mai. Transportmiddelindustrien og elektroteknisk og optisk industri hadde ein liten nedgang i produksjonen, medan maskinindustrien og oljeplattformer hadde ein auke.

Konsumvarer

Det var berre mindre endringar i produksjonen av konsumvarer frå juni til august samanlikna med perioden før. Nærings- og nytingsmiddelindustrien hadde ein auke, medan forlag og grafisk industri hadde ein nedgang.

Endringar frå juli til august 2005

Sesongjusterte tal frå den siste perioden er alltid usikre og særskild i samanheng med periodar med ferieavvikling i industrien. Det er difor naturleg å sjå på tal for juli og august i samanheng og samanlikne gjennomsnitt over tre månader.

Produksjonsindeksen for industrien. August 2005. Prosentvis
endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
 August 2004-
august 2005
Januar-august 2004-
januar-august 2005
Juli-august
2005
Mars-mai 2005-
juni-august 2005
 
Totalindeksen10,6-1,34,2-2,3
     
Olje- og gassutvinning16,4-4,19,0-2,8
Industri-0,73,1-3,2-0,1
Kraftforsyning24,427,3-5,6-7,7
     
Etter varetype    
Innsatsvarer-1,72,9-3,71,9
Investeringsvarer2,66,5-2,2-0,3
Konsumvarer-2,80,2-4,60,1
Energivarer18,0-1,58,7-3,2
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller

Tabeller til publiseringen