Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak nedgang i industriproduksjonen
Det var ein nedgang på om lag 1 prosent i norsk industriproduksjon i 3. kvartal samanlikna med kvartalet før, viser sesongjusterte tal. Produksjonen av innsatsvarer og investeringsvarer gjekk noko ned.
Produksjonen av innsatsvarer hadde ein nedgang på 0,6 prosent. Dette heng saman med ein reduksjon i treforedling og i produksjonen av silisium. Aukande konkurranse frå Kina og sviktande etterspurnad frå eksportmarknaden har verka inn på treforedling og i produksjonen av silisium gjennom 2005. Metallindustrien utanom ikkje-jarnhaldige metall hadde også ein nedgang i tredje kvartal.
Investeringsvarer ned
Produksjonen av investeringsvarer gjekk ned med 1,2 prosent i tredje kvartal i år samanlikna med kvartalet før. Transportmiddelindustrien og elektroteknisk og optisk industri hadde liten reduksjon i produksjonen, medan maskinindustrien og metallvareindustrien hadde ein auke. Det er venta ein vekst i produksjonen av transportmiddel utover hausten 2005 knytt til dei store ordrereservane hjå fleire norske skipsverft. Samstundes er det slik at nokre verft framleis har mindre enn full aktivitet fordi ordrereservane er ulikt fordelte innanfor næringa. Det var berre mindre endringar i produksjonen av oljeplattformer gjennom siste kvartal og aktiviteten knytt til feltutbygging og landanlegg har halde seg på det høge nivået frå andre kvartal i år.
Reduksjon for konsumvarer
Det var ein reduksjon på 0,4 prosent i norsk produksjon av konsumvarer i tredje kvartal i år samanlikna med kvartalet før. Nærings- og nytingsmiddelindustrien hadde ein auke, medan produksjonen i forlag og grafisk industri og i møbelindustrien gjekk ned.
Sesongjusterte endringstal
Sesongjusterte endringstal for tredje kvartal 2005 må vurderast opp mot endringane i andre kvartal. Det var då ein klår auke i norsk industriproduksjon samanlikna med første kvartal 2005.
Produksjonsindeksen for industrien. September 2005. Prosentvis endring |
Vekekorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
September 2004- september 2005 | Januar 2004- september 2004- januar 2005- september 2005 | August 2005- september 2005 | April 2005- juni 2005- juli 2005- september 2005 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 5,0 | -0,7 | -0,1 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 5,6 | -3,2 | -0,9 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 2,1 | 3,0 | 2,2 | -0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 19,1 | 26,4 | -3,7 | -5,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 1,9 | 2,8 | 2,1 | -0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 3,6 | 6,1 | 1,3 | -1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 0,5 | 0,2 | 2,8 | -0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 5,9 | -0,8 | -3,3 | 1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no