8635_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8635
Nedgang i industriproduksjonen
statistikk
2005-12-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningoktober 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i industriproduksjonen

Det var ein nedgang på 1,7 prosent i norsk industriproduksjon frå august til oktober 2005 samanlikna med perioden frå mai til juli i år, viser sesongjusterte tal. Alle varetypar utanom energivarer hadde ein nedgang.

Produksjonen av innsatsvarer gjekk ned 2,2 prosent. Dette hang saman med ein reduksjon i kjemiske råvarer, metallindustrien og i treforedling. Det har vore stans for vedlikehald i delar av produksjonen av kjemiske råvarer i oktober 2005, og produksjonen av ikkje-jernhaldige metall har hatt ein liten nedgang frå august til oktober samanlikna med månadene før. Aukande konkurranse og sviktande etterspurnad frå eksportmarknaden har verka inn på produksjonen i treforedling og av silisium gjennom 2005.

Investeringsvarer

Det var ein reduksjon på 1,5 prosent i produksjonen av investeringsvarer frå august til oktober samanlikna med månadene før. Transportmiddel- og maskinindustrien hadde ein nedgang, medan plattform- og metallvareindustrien hadde ein vekst. Aktiviteten knytt til landanlegg og feltutbygging på norsk kontinentalsokkel har halde fram å auke utover hausten 2005.

Konsumvarer

Norsk produksjon av konsumvarer gjekk ned med 1,7 prosent frå august til oktober samanlikna med månadene før. Nærings- og nytingsmiddelindustrien og møbelindustrien hadde ein nedgang, medan det var berre mindre endringar innanfor forlag og grafisk industri.

Sesongjusterte endringar

Sesongjusterte endringar i perioden august til oktober 2005 må vurderast opp mot endringane i mai til juli i år. Det var då ein klar auke i norsk industriproduksjon samanlikna med månadene før.

Produksjonsindeksen for industrien. Oktober 2005. Prosentvis endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
 Oktober 2004-
oktober 2005
Januar-oktober 2004-
januar-oktober 2005
September-
oktober 2005
Mai-juli 2005-
august-oktober 2005
 
Totalindeksen-4,1-1,0-3,92,0
     
Olje- og gassutvinning-8,0-3,6-6,04,4
Industri1,62,8-0,5-1,7
Kraftforsyning20,925,81,1-5,7
     
Etter varetype    
Innsatsvarer-1,52,3-1,9-2,2
Investeringsvarer5,96,10,9-1,5
Konsumvarer1,60,40,2-1,7
Energivarer-6,3-1,4-6,03,8
 
1  Omregnet til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller