8633_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8633
Ny auke i industriproduksjonen
statistikk
2006-01-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ny auke i industriproduksjonen

Det var ein vekst på 0,8 prosent i norsk industriproduksjon frå september til november 2005 samanlikna med perioden frå juni til august, viser sesongjusterte tal. Produksjonen av investeringsvarer auka med 2,0 prosent, medan det var ein nedgang i innsatsvarer.

Auken i investeringsvarer kom mellom anna frå plattform- og transportmiddelindustrien. Dette var knytt til ein ytterlegare vekst i verksemda på landanlegg og i feltutbyggingar på norsk sokkel og i eksportretta produksjon i plattformnæringa elles. Produksjonen i næringa auka med 6,2 prosent frå september til november 2005, samanlikna med månadene før. Veksten i transportmiddelindustrien hang saman med bygginga av skip ut frå den gode ordresituasjonen for norske skipsverft i 2005. Det var elles ein auke i metallvareindustrien og i elektrisk og optisk industri.

Nedgang i innsatsvarer

Det var ein nedgang på 0,8 prosent i produksjonen av innsatsvarer frå september til november 2005, samanlikna med perioden frå juni til august. Konkurranse- og marknadstilhøve har verka klart negativt inn på produksjonen i delar av metallindustrien og i treforedling gjennom siste periode. Produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall og kjemiske råvarer har også hatt ein nedgang, medan trelast- og trevareindustrien har hatt ein liten auke.

Små endringar for konsumvarer

Produksjonen av konsumvarer hadde ein auke på 0,6 prosent frå september til november 2005, samanlikna med månadene før. Det var nedgang i møbelindustrien, medan forlag og grafisk industri hadde ein liten vekst. Aktiviteten i norsk næringsmiddelindustri var om lag uendra.

Produksjonsindeksen for industrien. November 2005. Prosentvis endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
 November 2004- november 2005Januar 2004- november 2004- januar 2005- november 2005Oktober 2005- november 2005Juni 2005- august 2005- september 2005- november 2005
 
Totalindeksen1,0-0,82,51,0
     
Olje- og gassutvinning-1,2-3,42,61,3
Industri3,52,92,20,8
Kraftforsyning20,725,33,60,0
     
Etter varetype    
Innsatsvarer2,52,33,0-0,8
Investeringsvarer7,46,12,82,0
Konsumvarer0,50,40,20,6
Energivarer1,5-1,14,50,5
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal på arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller