8631_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8631
Vekst i industrien
statistikk
2006-02-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningdesember 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i industrien

Det var ein vekst på 1,9 prosent i norsk industriproduksjon frå tredje til fjerde kvartal 2005, viser sesongjusterte tal. Dette var knytt til ein auke i produksjonen av investeringsvarer og konsumvarer.

Norsk produksjon av investeringsvarer hadde ein vekst på 4,1 prosent mellom anna frå plattform- og transportmiddelindustrien. Dette hang saman med ein ytterlegare auke i verksemda på landanlegg og i feltutbyggingar på norsk sokkel og i eksportretta verksemd i plattformnæringa elles. Produksjonen i denne næringa auka med 8,1 prosent frå tredje til fjerde kvartal 2005. Veksten i transportmiddelindustrien kom frå bygging av skip ut frå den gode ordresituasjonen for fleire norske skipsverft i 2005. Produksjonen i denne næringa auka med 4,5 prosent i fjerde kvartal 2005. Metallvareindustri og elektroteknisk og optisk industri hadde også ein oppgang i produksjonen.

Konsumvarer

Produksjonen av konsumvarer auka med 2,0 prosent frå tredje til fjerde kvartal 2005. Næringsmiddelindustrien med produksjon av fisk og fiskevarer hadde ein oppgang. Det har elles vore ein liten vekst innanfor forlag og grafisk industri. Norsk møbelindustri har hatt ein liten nedgang ut frå noko lågare etterspørsel frå utlandet.

Innsatsvarer

Det var ein vekst på 0,5 prosent i produksjonen av innsatsvarer i siste kvartal av 2005 samanlikna med kvartalet før. Trelast- og trevareindustrien hadde ein auke på 3,0 prosent i fjerde kvartal, noko som hang saman med byggjeverksemda i Noreg gjennom 2005. Konkurranse og marknadstilhøve har verka negativt inn på produksjonen i delar av metallindustrien og i treforedling gjennom det siste kvartalet av 2005. Produksjonen av ikkje-jernhaldige metall har også hatt ein nedgang med ein noko lågare etterspørsel etter varer av aluminium.

Vekst i 2005

Norsk industriproduksjon hadde ein auke på 2,5 prosent i 2005 samanlikna med 2004, viser ujusterte tal. Produksjonen av investeringsvarer hadde då ein auke på 5,8 prosent. Dette var knytt til den aukande verksemda i norsk skipsindustri og det høge aktivitetsnivået knytt til landanlegg og i feltutbygging på norsk kontinentalsokkel. Dette har gjeve klare ringverknader til resten av verkstadnæringane som også har hatt ein auke i den eksportretta etterspørselen. Konkurranse og marknadstilhøve har verka inn på norsk produksjon av innsatsvarer gjennom 2005. Produksjonen innanfor delar av metallindustrien, av kjemiske råvarer og innanfor treforedling hadde ein liten nedgang, medan trelast- og trevareindustrien hadde ein klar auke i verksemda gjennom 2005.

Industriproduksjonen i eurosona

Norsk industriproduksjon hadde ein auke på 3,7 prosent frå november 2004 til november 2005, viser vekekorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein auke på 2,6 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. Desember 2005. Prosentvis endring
 
 Ukekorrigert 1UjustertSesongjustert
 Desember 2004-
desember 2005
Januar-desember 2004-
januar-desember 2005
November 2005-
desember 2005
Juli-september 2005-
oktober-desember 2005
 
Totalindeksen2,60,10,2-1,5
     
Olje- og gassutvinning1,3-3,2-0,6-3,7
Industri4,12,50,81,9
Kraftforsyning26,724,75,95,4
     
Etter varetype    
Innsatsvarer1,41,90,30,5
Investeringsvarer7,55,81,84,1
Konsumvarer4,70,13,12,0
Energivarer3,5-1,1-1,0-3,3
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller