8629_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8629
Klar auke i industriproduksjonen
statistikk
2006-03-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjanuar 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Klar auke i industriproduksjonen

Det var ein auke på 3,8 prosent i norsk industriproduksjon frå november 2005 til januar 2006 samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal. Dette var knytt til ein klar vekst i produksjonen av investeringsvarer og innsatsvarer.

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein auke på 5,6 prosent. Dette var knytt til den aukande verksemda i norsk skipsindustri og det høge aktivitetsnivået på landanlegg og i feltutbygging på norsk kontinentalsokkel. Dette har gitt klare ringverknader til resten av verkstadnæringane.

Innsatsvarer

Det var ein vekst på 4,1 prosent i produksjonen av innsatsvarer frå november 2005 til januar 2006 samanlikna med dei tre månadene før. Dette hang saman med ein auke i treforedling og trelast- og trevareindustrien, mens det var ein liten nedgang i produksjonen i ikkje-jernhaldige metall.

Konsumvarer

Norsk produksjon av konsumvarer hadde ein auke på 3,1 prosent frå november i fjor til januar i år samanlikna med dei tre månadene før. Desse endringane kom etter ein vekst i produksjonen i næringsmiddelindustrien og i forlag og grafisk industri.

Industriproduksjonen i eurosona

Norsk industriproduksjon hadde ein auke på 4,1 prosent frå desember 2004 til desember 2005, viser vekekorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein auke på 2,5 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. Januar 2006. Prosentvis endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
 Januar 2005-januar 2006November 2004-januar 2005-november 2005-januar 2006Desember 2005-januar 2006August 2005-oktober 2005-november 2005-januar 2006
 
Totalindeksen3,82,50,3-0,5
     
Olje- og gassutvinning1,10,4-0,2-3,5
Industri6,14,61,23,8
Kraftforsyning11,218,9-0,710,8
     
Etter varetype    
Innsatsvarer5,83,33,24,1
Investeringsvarer9,68,20,55,6
Konsumvarer3,12,7-1,73,1
Energivarer3,02,70,5-2,1
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller