8627_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8627
Vekst i industriproduksjonen
statistikk
2006-04-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningfebruar 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i industriproduksjonen

Industriproduksjonen i Noreg voks med 2,6 prosent frå desember 2005 til februar 2006 samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal. Dette var knytt til ein auke i produksjonen av investeringsvarer og innsatsvarer.

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein vekst på 4,2 prosent. Det var framleis ein auke i norsk skipsindustri og i aktiviteten på landanlegg og feltutbygging på norsk kontinentalsokkel. Dette har gjeve klare ringverknader til resten av verkstadnæringane.

Auke i metallindustrien

Det var ein vekst på 3,7 prosent i produksjonen av innsatsvarer frå desember 2005 til februar 2006 samanlikna med dei tre månadene før. Dette hang saman med ein auke innanfor metallindustrien, medan det var ein mindre vekst i treforedling.

Norsk produksjon av konsumvarer hadde ein auke på 1,1 prosent frå desember i fjor til februar i år samanlikna med månadene før. Dette kom etter ein vekst i næringsmiddelindustrien og i forlag og grafisk industri.

Norsk industriproduksjon hadde ein auke på 6,3 prosent frå januar 2005 til januar 2006, viser vekekorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein auke på 2,5 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for januar 2006

Ny informasjon har gjort det nødvendig å berekne tal for januar 2006 på nytt saman med publiseringa av tal for februar 2006.

Produksjonsindeksen for industrien. Februar 2006. Prosentvis endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
 Februar 2005-februar 2006Desember 2004-februar 2005-desember 2005-februar 2006Januar-februar 2006September 2005-november 2005-desember 2005-februar 2006
 
Totalindeksen0,52,3-1,10,1
     
Olje- og gassutvinning-2,10,1-0,7-2,0
Industri4,14,9-1,42,6
Kraftforsyning-0,511,6-2,28,4
     
Etter varetype    
Innsatsvarer4,23,9-2,13,7
Investeringsvarer9,28,7-0,44,2
Konsumvarer-0,22,6-3,31,1
Energivarer-1,61,6-1,2-0,8
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller