Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i produksjonen av innsatsvarer
Norsk industriproduksjon voks med 1,7 prosent i første kvartal 2006 samanlikna med kvartalet før, viser sesongjusterte tal. Det var ein klar auke i produksjonen av innsatsvarer og investeringsvarer.
Produksjonen av innsatsvarer hadde ein vekst på 3,5 prosent i perioden. Betra eksportretta etterspurnad og høgare prisar i 2006 har gjeve grunnlag for vekst i produksjonen av mellom anna aluminium og kjemiske råvarer. Konkurranse og marknadstilhøve verkar framleis negativt inn på metallindustrien utanom ikkje-jarnhaldig metall og i treforedling.
Etterspurnaden held veksten oppe
Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein auke på 2,2 prosent i første kvartal 2006 samanlikna med kvartalet før. Veksten innan norsk skips- og plattformindustri har halde fram og saman med ein betra eksportretta etterspurnad har dette gjeve klare ringverknadar til resten av verkstadnæringane.
Norsk produksjon av konsumvarer hadde ein nedgang på 1,5 prosent i første kvartal i år samanlikna med fjerde kvartal i fjor. Næringsmiddel- og møbelindustrien hadde ein liten nedgang i produksjonen, medan forlag og grafisk industri hadde ein liten auke.
Norsk industriproduksjon hadde ein auke på 4,1 prosent frå februar 2005 til februar 2006, viser vekekorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein auke på 3,2 prosent i same tidsrom.
Produksjonsindeksen for industrien. Mars 2006. Prosentvis endring |
Vekekorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars 2005- mars 2006 | Januar-mars 2005 - Januar-mars 2006 | Februar- mars 2006 | Oktober-desember 2005 - januar-mars 2006 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 1,6 | 2,0 | 0,7 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 0,2 | -0,3 | 0,8 | -0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 4,9 | 5,1 | 0,5 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -3,6 | 2,3 | 1,8 | 2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 6,1 | 5,5 | -0,5 | 3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 8,4 | 9,0 | 0,0 | 2,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -0,7 | 0,9 | -0,3 | -1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 0,5 | 0,7 | 0,5 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no