8623_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8623
Liten nedgang i industrien
statistikk
2006-06-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningapril 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten nedgang i industrien

Det har vore ein nedgang på 0,9 prosent i industriproduksjonen frå februar til april i år samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal.

Det var ein nedgang på 4,8 prosent i produksjonen av konsumvarer. Dette var knytt til næringsmiddelindustrien og ein lågare produksjon av kjøt- og fiskevarer. Forlag og grafisk industri og møbelindustrien hadde også ein liten tilbakegang.

Produksjonen av innsatsvarer gjekk ned med 1,1 prosent frå februar til april i år samanlikna med månadene før. Dette hang saman med ein nedgang i til dømes treforedling og i trelast- og trevareindustrien, medan produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall hadde ein klår auke.

Det var ein auke på 0,5 prosent i produksjonen av investeringsvarer frå februar til april i år samanlikna med månadene før. Det var framleis vekst innanfor næringar som transportmiddelindustrien og i oljeplattformer, medan elektroteknisk og optisk industri hadde ein nedgang i produksjonen.

Norsk industriproduksjon hadde ein auke på 4,7 prosent frå mars 2005 til mars 2006, viser vekekorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein auke på 3,8 prosent i same tidsrom.

Sesongjusterte endringstal

Sesongjusterte endringstal frå mars til april i år må tolkast med varsemd og dei må setjast i samanheng med endringane frå februar til mars 2006.

Produksjonsindeksen for industrien. April 2006. Prosentvis endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
 April 2005-
april 2006
Januar 2005-april 2005-
januar 2006-april 2006
Mars 2006-
april 2006
November 2005-januar 2006-
februar 2006-april 2006
 
Totalindeksen-7,5-0,5-2,1-1,7
     
Olje- og gassutvinning-9,8-2,8-2,2-1,6
Industri-0,33,8-1,5-0,9
Kraftforsyning-9,2-0,6-3,6-6,0
     
Etter varetype    
Innsatsvarer-0,33,9-1,3-1,1
Investeringsvarer6,58,50,00,5
Konsumvarer-6,0-0,8-3,7-4,8
Energivarer-11,1-2,4-2,4-2,2
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller