Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten nedgang i industrien
Det var ein nedgang på 0,3 prosent i industriproduksjonen frå mars til mai i år samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal. Produksjonen av investeringsvarer hadde ein vekst, medan innsatsvarer og konsumvarer hadde ein nedgang.
Produksjonen av investeringsvarer hadde ein auke på 1,3 prosent i denne siste perioden. Veksten innanfor transportmiddel- og maskinindustrien har halde fram grunna den svært gode ordresituasjonen for desse næringane. Auken i verksemda var mellom anna knytt til utrusting av skip og i arbeid med undervassinstallasjonar til olje- og gassfelt på norsk sokkel og eksport. Elektroteknisk og optisk industri hadde ein nedgang i produksjonen.
Det har vore ein nedgang på 1,7 prosent i norsk produksjon av innsatsvarer frå mars til mai år samanlikna med månadene før. Marknads- og konkurransetilhøva var framleis negative for treforedling og delar av metallindustrien, medan det var ein auke i produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall. Trelast- og trevareindustrien hadde ein liten nedgang i produksjonen.
Produksjonen av konsumvarer hadde ein nedgang på 3,3 prosent frå mars til mai i år samanlikna med dei tre månadene før. Dette heng saman med ein lågare produksjonen av næringsmiddel, medan møbelindustrien hadde ein auke.
Norsk industriproduksjon hadde ein nedgang på 0,1 prosent frå april 2005 til april 2006, viser vekekorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein auke på 1,9 prosent i same tidsrom.
Sesongjusterte endringstal
Sesongjusterte endringstal frå april til mai i år må tolkast med varsemd og dei må setjast i samanheng med endringane frå mars til april 2006.
Produksjonsindeksen for industrien. Mai 2006. Prosentvis endring |
Vekekorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mai 2005- mai 2006 | Januar-mai 2005- januar-mai 2006 | April-mai 2006 | Desember 2005-februar 2006- mars 2006-mai 2006 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -5,2 | -1,4 | 0,8 | -2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -8,4 | -4,0 | -0,3 | -2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 5,6 | 4,1 | 4,2 | -0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -20,1 | -3,6 | -10,4 | -11,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 4,5 | 4,0 | 2,3 | -1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 10,5 | 8,9 | 3,2 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 1,4 | -0,4 | 6,9 | -3,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -8,7 | -3,8 | -0,1 | -2,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no