8619_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8619
Vekst i første halvår 2006
statistikk
2006-08-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuni 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i første halvår 2006

I første halvår 2006 var det ein vekst på 3,7 prosent i industriproduksjonen samanlikna med same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Det var ein nedgang på 0,5 prosent frå første til andre kvartal i år, etter ein auke i kvartala før, viser sesongjusterte tal.

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein vekst på 1,7 prosent i andre kvartal i år samanlikna med kvartalet før. Dette var grunna den positive situasjonen for norsk maskin- og transportmiddelindustri, medan det var ein liten nedgang i elektroteknisk og optisk industri. I første halvår 2006 var det ein vekst på 8,7 prosent i produksjonen av investeringsvarer samanlikna med same periode i 2005, viser vekekorrigerte tal. Dette hang mellom anna saman med ein markert vekst i plattform- og metallvareindustrien knytt til dei høge investeringane i landanlegg og feltutbygging på norsk sokkel. Transport- og maskinindustrien har også hatt eit klart oppsving grunna den gode ordresituasjonen for bygging og utrusting av forsynings- og spesialfartøy til oljeverksemda. Det har elles vore ein vekst i den eksportretta etterspurnaden for verkstadnæringane i 2006 samanlikna med året før.

Det har vore ein nedgang på 2,0 prosent i produksjonen av innsatsvarer i andre kvartal i år samanlikna med kvartalet før, viser sesongjusterte tal. Delar av metallindustrien, treforedling og trelast- og trevareindustrien hadde ein nedgang, medan ikkje-jarnhaldige metall og kjemiske råvarer hadde ein liten auke. Produksjonen av innsatsvarer hadde ein vekst på 3,3 prosent i første halvår i år samanlikna med same periode i 2005, viser vekekorrigerte tal. Kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall hadde ein auke i første halvår, medan treforedling hadde ein klar nedgang. Marknads- og konkurransetilhøve har virka negativt inn på enkelte næringar som produserer innsatsvarer og fleire bedrifter er lagt ned i første halvdel av 2006.

Produksjonen av konsumvarer hadde ein nedgang på 1,2 prosent frå første til andre kvartal i år. Forlag og grafisk industri og nærings- og nytingsmiddelindustrien hadde ein nedgang. I første halvår 2006 har det vore ein nedgang på 0,5 prosent i produksjonen av konsumvarer samanlikna med same periode i 2005, viser vekekorrigerte tal.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon hadde ein auke på 5,6 prosent frå mai 2005 til mai 2006, viser vekekorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein auke på 4,9 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. Juni 2006. Prosentvis endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
 Juni 2005-
juni 2006
Januar-juni 2005 -
Januar-juni 2006
Mai-juni 2006Januar-mars 2006 -
april-juni 2006
 
Totalindeksen1,7-0,9-0,3-2,3
     
Olje- og gassutvinning2,3-3,00,6-2,4
Industri1,73,7-2,8-0,5
Kraftforsyning-11,3-4,76,3-12,5
     
Etter varetype    
Innsatsvarer-0,33,3-1,4-2,0
Investeringsvarer7,88,7-1,91,7
Konsumvarer-0,8-0,5-2,3-1,2
Energivarer0,6-3,1-0,3-3,6
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller