8617_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8617
Vekst i industrien
statistikk
2006-09-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i industrien

Det var ein vekst på 1,5 prosent i industriproduksjonen frå mai til juli i år samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal. Produksjonen av investeringsvarer og konsumvarer hadde ein auke.

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein vekst på 3,0 prosent. Dette hang saman med den positive utviklinga i verkstadnæringane og i bygging av skip og plattformer gjennom 2006. Elektroteknisk og optisk industri og transportmiddelindustrien hadde den sterkaste auken frå mai til juli i år.

Det var ein nedgang i produksjonen av innsatsvarer på 0,8 prosent frå mai til juli i år samanlikna med månadene før. Norsk treforedlingsindustri og delar av metallindustrien hadde framleis ein nedgang, medan kjemiske råvarer hadde ein auke i produksjonen.

Produksjonen av konsumvarer hadde ein vekst på 3,2 prosent frå mai til juli i år samanlikna med perioden før. Det var ein auke i nærings- og nytingsmiddelindustrien og i forlag og grafisk industri.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon hadde ein vekst på 1,7 prosent frå juni 2005 til juni 2006, viser vekekorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein auke på 4,3 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. Juli 2006. Prosentvis endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
 Juli 2005- juli 2006Jan.05-jul.05- Jan.06-jul.06Juni 2006- juli 2006Feb.06-apr.06- mai 06-jul.06
 
Totalindeksen-2,9-1,20,0-1,0
     
Olje- og gassutvinning-2,1-2,9-0,4-1,5
Industri2,63,61,01,5
Kraftforsyning-13,8-5,70,2-12,4
     
Etter varetype    
Innsatsvarer-3,22,5-1,9-0,8
Investeringsvarer11,28,92,43,0
Konsumvarer-0,1-0,41,13,2
Energivarer-3,7-3,30,6-2,2
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller