8613_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8613
Framleis vekst i investeringsvarer
statistikk
2006-11-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningseptember 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis vekst i investeringsvarer

Det var ein auke på 0,9 prosent i norsk industriproduksjon i tredje kvartal i år samanlikna med kvartalet før, viser sesongjusterte tal. Veksten i investeringsvarer har halde fram saman med ein liten auke i produksjonen av innsatsvarer.

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein auke på 2,4 prosent i tredje kvartal i år samanlikna med kvartalet før. Rekordhøge investeringar i norsk olje- og gassutvinning i 2006 har gjeve grunnlag for ein ytterlegare vekst i oljeplattformer og i metallvareindustrien. Det har også vore ein god eksportretta etterspurnad for metallvareindustrien, viser kvartalsvis ordrestatistikk for industrien. Samla har dette gjeve klåre ringverknader til resten av verkstadnæringane.

Rekordhøg aktivitet i norsk plattformindustri

Verksemda innan norsk plattformindustri er no på eit rekordhøgt nivå i tredje kvartal 2006. Den er klårt større enn i tidlegare periodar med store investeringar i olje- og gassverksemda, som til dømes i 1998. Ei rekkje bedrifter i næringa melder om ein ytterlegare vekst i sysselsetjinga i tredje kvartal i år. Det var elles ein klår auke i produksjonen i elektrisk og optisk industri, medan det var ein liten nedgang i maskinindustrien i tredje kvartal samanlikna med perioden før.

Det var ein auke på 0,6 prosent i produksjonen av innsatsvarer i tredje kvartal i år samanlikna med kvartalet før. Produksjonen av kjemiske råvarer hadde ein liten auke saman med ein vekst i gummivare- og plastindustrien. Konkurranse og marknadstilhøve verkar framleis negativt inn på metallindustrien utanom ikkje-jarnhaldig metall og i treforedling, og det var ein mindre nedgang i desse næringane. Innan trelast- og trevareindustrien har det vore ein auke på 1,7 prosent i tredje kvartal samanlikna med perioden før.

Produksjonen av konsumvarer auka med 1,2 prosent i tredje kvartal samanlikna med perioden før. Dette heng saman med ein auke i norsk næringsmiddelindustri og i forlag og grafisk industri, medan møbelindustrien hadde ein klår nedgang.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon hadde ein vekst på 6,1 prosent frå august 2005 til august 2006, viser vekekorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein oppgang på 5,4 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. September 2006. Prosentvis endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
 September 2005- september 2006Jan.05-sep.05- Jan.06-sep.06August 2006- september 2006Apr.06-jun.06- jul.06-sep.06
 
Totalindeksen-4,7-1,7-1,10,3
     
Olje- og gassutvinning-9,0-4,0-1,60,3
Industri3,83,90,30,9
Kraftforsyning-16,1-7,2-6,1-1,9
     
Etter varetype    
Innsatsvarer3,72,91,10,6
Investeringsvarer10,99,70,32,4
Konsumvarer-1,7-0,2-1,21,2
Energivarer-8,5-4,2-2,60,3
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller