8609_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8609
Brei vekst i industrien
statistikk
2007-01-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Brei vekst i industrien

Gjennomsnittleg industriproduksjon for september til og med november, viste ein auke på 2,3 prosent samanlikna med juni til og med august 2006, viser sesongjusterte tal. Alle varetypar utanom energivarer hadde ein oppgang i produksjonen.

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein auke på 2,8 prosent i denne siste perioden. Dette hang mellom anna saman med ein ytterlegare vekst i transportmiddel- og maskinindustrien. Den svært gode ordresituasjonen for bygging og utrusting av forsynings- og spesialfartøy til oljeverksemda i 2006 har gjeve grunnlaget for dette. Det har samstundes vore ein aukande etterspurnad frå utlandet etter norske verkstadprodukt. Den særs høge aktiviteten innan norsk plattform- og metallvareindustri har også helde fram for september til og med november 2006. Desse næringane hadde ein auke på høvesvis 2,9 og 3,4 prosent samanlikna med juni til og med august 2006. Det er berre elektroteknisk og optisk industri som har hatt ein liten nedgang i aktiviteten i den siste perioden.

Oppgang for innsats - og konsumvarer

Det var ein auke på 2,7 prosent i produksjonen av innsatsvarer i den siste perioden på tre månader samanlikna med perioden før. Trelast- og trevareindustrien hadde ein vekst på 7,4 prosent. Dette kan knytast til den høge byggjeverksemda i Noreg. Innan kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall var produksjonen om lag uendra. Produksjonen i norsk treforedlingsindustri gjekk opp med 2,7 prosent. Dette kom etter ein klår nedgang tidlegare i 2006.

I konsumvarer var det ein oppgang på 0,9 prosent i produksjonen for september til og med november 2006 samanlikna med perioden før. Nærings- og nytingsmiddelindustrien hadde ein nedgang på 2,1 prosent, medan forlag og grafisk industri kunne vise til ein liten vekst i produksjonen. Det var elles ein klår auke i produksjonen i norsk møbelindustri i den siste perioden på tre månader.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon hadde ein vekst på 7,5 prosent frå oktober 2005 til oktober 2006, viser vekekorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein oppgang på 3,6 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. November 2006. Prosentvis endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
 November 2005-
november 2006
Januar 2005-november 2005-
januar 2006-november 2006
Oktober 2006-
november 2006
Juni 2006-august 2006-
september 2006-november 2006
 
Totalindeksen-5,8-2,4-0,4-2,6
     
Olje- og gassutvinning-10,8-5,2-0,3-5,0
Industri4,64,4-0,52,3
Kraftforsyning-22,0-10,10,2-9,5
     
Etter varetype    
Innsatsvarer3,23,2-0,22,7
Investeringsvarer10,710,00,22,8
Konsumvarer1,40,3-1,60,9
Energivarer-13,1-5,7-0,4-5,2
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller