Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis god vekst i industrien
Gjennomsnittleg industriproduksjon for november 2006 til og med januar 2007 viste ein oppgang på 1,7 prosent samanlikna med august til og med oktober 2006, viser sesongjusterte tal. Alle varegrupper utanom energivarer hadde ein auke i produksjonen.
Produksjonen av investeringsvarer hadde ein oppgang på 2,1 prosent i denne siste perioden. Dette heng saman med ein ytterlegare vekst i næringar som transportmiddelindustri, metallvare- og maskinindustrien, medan det var berre mindre endringar i plattformindustrien.
Oppgang for innsats og konsumvarer
Det var ein vekst på 1,5 prosent i produksjonen av innsatsvarer i den siste perioden på tre månader samanlikna med perioden før. Produksjonen av kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall hadde ein oppgang saman med trelast- og trevareindustrien, medan gummivare- og plastindustrien hadde ein nedgang.
I konsumvarer var det ein auke på 2,3 prosent i produksjonen frå november 2006 til og med januar 2007 samanlikna med perioden før. Norsk nærings- og nytingsmiddelindustri hadde ein klår vekst, medan produksjonen i forlag og grafisk industri var om lag uendra. Det var elles ein klår oppgang i produksjonen i norsk møbelindustri i det same tidsrommet.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon hadde ein vekst på 6,2 prosent frå desember 2005 til desember 2006, viser virkedagskorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein oppgang på 4,0 prosent i det same tidsrommet.
Produksjonsindeksen for industrien. Januar 2007. Prosentvis endring |
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan. 2006- jan. 2007 | Nov.05- jan.06-Nov.06- jan.07 | Des. 2006-jan. 2007 | Aug.06- okt.06- nov.06- jan.07 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -2,4 | -3,5 | -1,1 | -0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -3,6 | -6,1 | -0,9 | -1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 3,6 | 4,6 | -0,7 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -18,2 | -21,8 | 2,9 | -2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 1,7 | 3,2 | 0,3 | 1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 8,1 | 9,6 | -0,3 | 2,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 2,3 | 2,3 | -1,2 | 2,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -4,5 | -7,3 | 0,0 | -1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at ukedager har ulik arbeidsintensitet og for bevegelige helligdager |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no