Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Veksten i industrien held fram
Gjennomsnittleg industriproduksjon frå desember 2006 til og med februar 2007 viste ein oppgang på 1,3 prosent samanlikna med september til og med november 2006, viser sesongjusterte tal. Alle varegrupper hadde ein auke i produksjonen.
Produksjonen av investeringsvarer hadde ein vekst på 1,3 prosent i denne siste perioden. Oppgangen i plattform- og metallvareindustrien har helde fram på grunn av den særs høge aktiviteten på landanlegg og i feltutbygging på norsk sokkel. Den svært gode ordresituasjonen for bygging og utrusting av forsynings- og spesialfartøy til oljeverksemda sørgja for ein ytterlegare auke i transportmiddel- og maskinindustrien, medan elektroteknisk og optisk industri hadde ein liten nedgang i produksjonen.
Oppgang for innsats- og konsumvarer
Det var ein vekst på 1,3 prosent i produksjonen av innsatsvarer i den siste perioden på tre månader samanlikna med perioden før. Høg etterspurnad frå utlandet har ført til ein markert auke i prisane på viktige norske eksportvarer i 2006. Dette har ført til ein oppgang i produksjonen av kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall i den siste perioden. Treforedling og trelast- og trevareindustrien hadde ein liten nedgang frå desember 2006 til og med februar 2007, etter ein vekst i perioden før.
Norsk produksjon av konsumvarer gjekk opp med 2,3 prosent frå desember 2006 til og med februar 2007 samanlikna med perioden før. Dette hang saman med ein auke på 5,1 prosent i næringsmiddelindustrien og ein vekst i møbelindustrien.
Klar auke frå februar 2006
Norsk industriproduksjon hadde ein vekst på 4,7 prosent frå februar 2006 til februar 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Verkstadnæringane og kjemiske råvarer har hatt ein markert auke i produksjonen sidan februar i fjor, medan det var ein nedgang i treforedling. Produksjonen i norsk industri gjekk ned med 0,2 prosent i februar 2007 samanlikna med januar 2007, viser sesongjusterte tal.
Produksjonsindeksen for januar 2007
Ny informasjon har gjort det nødvendig å berekne tal for januar 2007 på nytt saman med publiseringa for februar 2007. Industriproduksjonen for januar 2007 er justert noko opp dersom vi samanliknar med januar 2006, viser virkedagskorrigerte tal.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon hadde ein vekst på 4,0 prosent frå januar 2006 til januar 2007, viser oppdaterte virkedagskorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein oppgang på 3,7 prosent i same tidsrom.
Produksjonsindeksen for industrien. Februar 2007. Prosentvis endring |
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Feb. 2006-feb. 2007 | Des. 2005-feb. 2006-des. 2006-feb. 2007 | Jan. 2007-feb. 2007 | Sep. 2006-nov. 2006-des. 2006-feb. 2007 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -1,6 | -1,7 | -0,9 | 2,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -5,2 | -3,5 | -2,4 | 3,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 4,7 | 4,9 | -0,2 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -3,7 | -16,0 | 9,4 | 6,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 3,4 | 3,3 | -0,5 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 8,5 | 8,7 | 0,6 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 2,9 | 3,3 | -1,6 | 2,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -3,0 | -4,0 | -0,4 | 4,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for glidande helgedagar. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no