Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis vekst i industrien
Norsk industriproduksjon hadde ein oppgang på 0,6 prosent i 1. kvartal 2007 samanlikna med 4. kvartal 2006, viser sesongjusterte tal. Innsatsvarer hadde ein klar vekst i produksjonen.
Produksjonen av investeringsvarer hadde ein auke på 0,5 prosent i denne siste perioden. Etter ein markert oppgang på slutten av 2006 gjekk produksjonen i norsk transportmiddelindustri ned med 0,5 prosent i 1. kvartal 2007, medan maskinindustrien hadde ein vekst på 1,3 prosent. For plattform- og metallvareindustrien har den positive utviklinga frå 2006 halde fram i 1. kvartal 2007.
Det var ein vekst på 1,9 prosent i produksjonen av innsatsvarer i 1. kvartal 2007 samanlikna med 4. kvartal 2006. Dette var knytt til produksjonen av kjemiske råvarer som auka med 2,1 prosent, medan det var ein nedgang på 2,3 prosent i treforedling. Trelast- og trevareindustrien hadde også ein liten nedgang i 1. kvartal 2007 etter ein klar auke i produksjonen i 4. kvartal 2006, viser sesongjusterte tal.
Produksjonen i norsk næringsmiddelindustri gjekk litt opp 1. kvartal 2007 samanlikna med 4. kvartal 2006, medan produksjonen i forlag og grafisk industri var om lag uendra, viser sesongjusterte tal.
Klar auke frå mars 2006
Norsk industriproduksjon hadde ein vekst på 5,6 prosent frå mars 2006 til mars 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Verkstadnæringane har hatt ein markert auke i produksjonen, medan det var ein nedgang i treforedling. Sesongjusterte tal for mars 2007 viste ein oppgang på 0,9 prosent for norsk industriproduksjon samanlikna med februar 2007.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Det var ein vekst på 4,7 prosent i norsk industriproduksjon frå februar 2006 til februar 2007, viser virkedagskorrigerte tal frå produksjonsindeksen. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein oppgang på 4,1 prosent i same tidsrom.
Produksjonsindeksen for industrien. Mars 2007. Prosentvis endring |
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars 2006-mars 2007 | Januar 06-mars 06-jan. 07-mars 07 | Februar 2007-mars 2007 | Okt. 06-des. 06- jan. 07-mar. 07 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -4,0 | -2,6 | -1,5 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -7,6 | -5,5 | -1,2 | 1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 5,6 | 4,7 | 0,9 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -14,9 | -12,4 | -12,8 | 8,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 6,8 | 4,1 | 1,6 | 1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 8,3 | 8,2 | 0,2 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 4,0 | 3,4 | 0,7 | -0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -7,9 | -5,1 | -3,3 | 2,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for glidande helgedagar. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no