8597_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8597
Rekordhøg produksjon av investeringsvarer
statistikk
2007-07-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmai 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordhøg produksjon av investeringsvarer

Det var ein gjennomsnittleg vekst på 0,9 prosent i norsk industriproduksjon frå mars til og med mai 2007 samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal. Investeringsvarer og innsatsvarer hadde ein auke i produksjonen.

Produksjonen av investeringsvarer var rekordhøg i denne perioden og gjekk ytterlegare opp med 2,7 prosent samanlikna med månadene før. Metallvare- og maskinindustrien saman med oljeplattformer trekte opp samla produksjon av investeringsvarer. I maskinindustrien hadde til dømes verksemder med leveransar til norsk og internasjonal olje- og gassutvinning ein ytterlegare vekst i produksjonen i den siste perioden. Det var også ein klar oppgang i produksjonen i elektroteknisk og optisk industri.

Vekst i trelast- og trevareindustrien

Det var ein vekst på 0,4 prosent i produksjonen av innsatsvarer frå mars til og med mai 2007 saman-likna med perioden før. Trelast- og trevareindustrien hadde ein auke i produksjonen grunna den høge byggeaktiviteten i Noreg i 2007, medan det var ein nedgang i produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall og i kjemiske råvarer. Stans for vedlikehald hjå fleire bedrifter i delar av mai 2007 har verka inn på produksjonen av kjemiske råvarer i den siste perioden.

 

Produksjonen av konsumvarer gjekk ned med 1,9 prosent frå mars til og med mai 2007 samanlikna med månadene før. Dette hang saman med ein nedgang i produksjonen på 2,3 prosent i norsk næringsmiddelindustri og ein mindre nedgang i forlag og grafisk industri.

Markert oppgang sidan mai 2006

Det var ein vekst i norsk industriproduksjon på 5,2 prosent frå mai 2006 til mai 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Produksjonen av investeringsvarer auka med 11,4 prosent medan produksjonen av innsatsvarer og konsumvarer steig med 2,1 og 4,4 prosent.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon hadde ein oppgang på 6,1 prosent frå april 2006 til april 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein oppgang på 4,0 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. Mai 2007. Prosentvis endring
 
 Virkedagskorrigert 1Sesongjustert
 Mai 2006-
mai 2007
Januar-mai 2006-
januar-mai 2007
April 2007-
mai 2007
Desember 2006-februar 2007-
mars 2007-mai 2007
 
Totalindeksen-3,9-1,8-4,1-1,1
     
Olje- og gassutvinning-10,6-5,2-8,1-3,1
Industri5,25,11,10,9
Kraftforsyning31,1-3,77,08,9
     
Etter varetype    
Innsatsvarer2,13,8-0,20,4
Investeringsvarer11,49,12,72,7
Konsumvarer4,43,66,0-1,9
Energivarer-6,9-4,2-5,8-2,3
 
1  Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for glidande helgedagar.