Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Gode halvårstal for industrien
Virkedagskorrigerte tal viser ein vekst på 5,0 prosent i norsk industriproduksjon i første halvår 2007, samanlikna med første halvår 2006. Frå første til andre kvartal var det ein auke i produksjonen på 0,8 prosent, viser sesongjusterte tal.
Sesongjusterte tal viste ein vekst i produksjonen av investeringsvarer på 4,3 prosent i andre kvartal, samanlikna med første kvartal 2007. Alle næringar som produserer investeringsvarer, hadde ein auke.
Produksjonen av innsatsvarer gjekk ned med 1,1 prosent i den same perioden. Mykje av nedgangen har si årsak i ein innarbeidd vedlikehaldsstans i produksjonen av kjemiske råvarer i andre kvartal. Det var ein nedgang i produksjonen av konsumvarer på 0,5 prosent i 2. kvartal i år, samanlikna med kvartalet før.
Godt halvår for investeringsvarer
Produksjonen av investeringsvarer gjekk opp med 9,9 prosent i første halvår 2007 samanlikna med første halvår 2006, viser virkedagskorrigerte tal. Oljeplattformer, maskin- og transportmiddelindustrien bidrog mest til dei gode produksjonstala for investeringsvarer. Svært høge investeringar i norsk oljeverksemd over fleire år og ein særskild god ordresituasjon for bygging og utrusting av skip i Noreg har virka inn på denne veksten.
Produksjon av innsatsvarer auka med 3,7 prosent i første halvår 2007 samanlikna med den same perioden i fjor. Trelast- og trevareindustri hadde ei sterk utvikling med ein vekst på 6,9 prosent. Produksjon av konsumvarer gjekk opp med 3,1 prosent. Det var særleg varige konsumvarer som bidrog til dette, med ein vekst på heile 10,9 prosent.
Noreg føre eurosona
Norsk industriproduksjon hadde ein oppgang på 5,2 prosent frå mai 2006 til mai 2007, viser virke-dags-korrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein oppgang på 2,5 prosent i det same tidsrommet.
Produksjonsindeksen for industrien. Juni 2007. Prosentvis endring |
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juni 2006-juni 2007 | Jan.-juni 2006-Jan.-juni 2007 | Mai-juni 2007 | Jan.-mars 2007-Apr.-juni 2007 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -8,6 | -2,8 | -4,0 | -1,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -16,5 | -6,8 | -6,2 | -5,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 5,0 | 5,0 | -1,0 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 14,5 | -1,4 | -2,2 | 14,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 3,1 | 3,7 | -0,3 | -1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 13,5 | 9,9 | 0,9 | 4,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 1,0 | 3,1 | -3,2 | -0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -12,0 | -5,3 | -3,3 | -3,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for glidande heilagdagar. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no