Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Veksten i industrien held fram
Gjennomsnittleg industriproduksjon frå mai til og med juli i år gjekk opp med 0,9 prosent samanlikna med februar til og med april i år, viser sesongjusterte tal. Det var ein ytterlegare vekst i produksjonen av investeringsvarer.
Samla produksjon av investeringsvarer var rekordhøg og gjekk opp med 4,8 prosent i denne siste perioden. Dette hang saman med ein markert auke i maskinindustrien og i oljeplattformer. Det var elles ein vekst i metallvare- og transportmiddelindustrien, medan det berre var mindre endringar i elektroteknisk og optisk industri. Bedrifter med leveransar til norsk og internasjonal olje- og gassverksemd har medverka til den markerte auken i produksjonen av investeringsvarer i denne siste perioden på tre månader.
Produksjonen av innsatsvarer gjekk ned med 0,7 prosent frå mai til og med juli i år samanlikna med månadene før. Dette var knytt til produksjonen av kjemiske råvarer og ein innarbeidd vedlikehaldsstans i delar av denne næringa. Det var også ein nedgang i trelast- og trevareindustrien på 1,3 prosent, medan det var ein auke i produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall på 1,1 prosent grunna ein høg internasjonal etterspurnad. Gummi og plastindustrien hadde også ein vekst på 3,3 prosent.
Vekst for konsumvarer
Konsumvarer hadde ein vekst på 0,4 prosent i produksjonen frå mai til og med juli i år samanlikna med perioden før, noko som hang saman med ein auke i ikkje-varige konsumvarer på 1,1 prosent. Produksjonen i norsk nærings- og nytingsmiddelindustri gjekk opp med 0,5 prosent saman med ein vekst på 0,3 prosent i forlag og grafisk industri. Nedgang i norsk møbelindustri har verka inn på produksjonen av varige konsumvarer, som gjekk ned med 1,9 prosent i denne siste perioden på tre månader.
Markert oppgang sidan juli 2006
Det var ein vekst i norsk industriproduksjon på 5,1 prosent frå juli 2006 til juli 2007, viser vyrkedagskorrigerte tal. Produksjonen av investeringsvarer auka med 11,1 prosent, medan innsatsvarer gjekk opp med 4,4 prosent. Konsumvarer hadde ein nedgang på 1,2 prosent i produksjonen.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon hadde ein oppgang på 5,0 prosent frå juni 2006 til juni 2007, viser vyrkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn att industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein vekst på 2,6 prosent i det same tidsrommet.
Produksjonsindeksen for industrien. Juli 2007. Prosentvis endring |
Vyrkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 2006- juli 2007 | Jan.-juli 2006- Jan.-juli 2007 | Juni - juli 2007 | Feb. - apr. 2007- mai - juli 2007 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 2,9 | -2,1 | 7,8 | -2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -4,0 | -6,5 | 11,2 | -7,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 5,1 | 5,0 | 0,7 | 0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 30,3 | 1,8 | 9,8 | 13,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 4,4 | 3,8 | 0,7 | -0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 11,1 | 10,0 | 0,3 | 4,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -1,2 | 2,6 | -0,9 | 0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -0,7 | -4,7 | 10,0 | -4,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for glidande helgedagar. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no