Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis produksjonsvekst i industrien
Det var ein auke på 0,6 prosent i norsk industriproduksjon i tredje kvartal i år samanlikna med kvartalet før, viser sesongjusterte tal. Investeringsvarer og innsatsvarer hadde ein oppgang, medan produksjonen av konsumvarer gjekk noko ned.
Samla produksjon av investeringsvarer var framleis rekordhøg, og den auka ytterlegare med 1,7 prosent samanlikna med andre kvartal i år. Dette hang mellom anna saman med ein vidare vekst i maskinindustrien og i transportmiddelindustrien. Det var elles ein mindre oppgang i norsk plattformindustri i tredje kvartal i år etter ein klar vekst tidlegare i 2007.
Høge investeringar
Høge investeringar i feltutbygging på norsk sokkel og tilhøyrande landanlegg gjennom dei siste åra og store leveransar til internasjonal olje- og gassverksemd har hovudsakleg sørga for den rekordhøge produksjonen av investeringsvarer i 2007. Det har samstundes vore ein stor etterspurnad etter norske verkstadprodukt i utlandet elles.
Produksjonen av innsatsvarer gjekk opp med 0,9 prosent i tredje kvartal samanlikna med perioden før. Dette var knytt til ein auke i kjemiske råvarer og i ikkje-jarnhaldige metall. Elles var det ein nedgang i produksjonen i treforedling grunna ein svak internasjonal etterspurnad. Innan norsk trelast- og trevareindustri gjekk produksjonen også noko ned i tredje kvartal i år samanlikna med perioden før.
Litt ned for norsk næringsmiddelindustri
Det var ein nedgang i produksjonen av konsumvarer på 0,8 prosent i tredje kvartal i år samanlikna med kvartalet før. Produksjonen i norsk næringsmiddelindustri gjekk litt ned, medan aktiviteten i forlag og grafisk industri var om lag uendra.
Vekst sidan september 2006
Det var ein vekst på 4,0 prosent i norsk industriproduksjon frå september 2006 til september 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Investeringsvarer hadde ein auke på 8,4 prosent, medan det var ein oppgang på 4,2 prosent i produksjonen av innsatsvarer og 1,2 prosent for konsumvarer.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon auka med 4,2 prosent frå august 2006 til august 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk fra Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 4,7 prosent i same tidsrom.
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
September 2006- september 2007 | Januar-september 2006- Januar-september 2007 | August- september 2007 | April-juni 2007- juli-september 2007 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 0,3 | -1,7 | -0,2 | 3,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -4,4 | -6,2 | -1,2 | 2,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 4,0 | 4,8 | -0,1 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 48,9 | 8,9 | 3,9 | 16,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 4,2 | 3,5 | 2,3 | 0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 8,4 | 9,9 | -0,9 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 1,2 | 2,3 | -1,2 | -0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 2,1 | -3,6 | 0,0 | 4,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at ukedager har ulik arbeidsintensitet og for bevegelige helligdager. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no