8585_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8585
Vekst i produksjonen av innsatsvarer
statistikk
2008-01-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i produksjonen av innsatsvarer

Gjennomsnittleg industriproduksjon gjekk opp med 1,2 prosent frå september til og med november 2007 samanlikna med juni til og med august 2007, viser sesongjusterte tal. Dette hang saman med ein auke i produksjonen av innsatsvarer.

Produksjonsindeksen for industri januar 1997-november 2007. 1995=100

Produksjonen av innsatsvarer gjekk opp med 2,2 prosent i den siste perioden. Dette var knytt til ein klår auke i produksjonen av kjemiske råvarer ut frå høge ordrereservar og ein sterk ordretilgang i 2007. Det var også ein vekst i metallindustrien utanom ikkje-jarnhaldige metall og i trelast- og trevareindustrien. I treforedling var det ein nedgang i produksjonen grunna ein vedlikehaldsstans og svake internasjonale marknadstilhøve for papir og papirprodukt.

For investeringsvarer auka produksjonen med 0,5 prosent frå september til og med november 2007 samanlikna med månadene før. Plattform- og transportmiddelindustri hadde ein ytterlegare vekst grunna den svært gode ordresituasjonen i desse næringene, medan det var liten nedgang i maskinindustrien etter ein markert auke tidlegare i 2007.

Oppgang for norsk næringsmiddelindustri

Det var ein vekst på 1,2 prosent i produksjonen av konsumvarer frå september til og med november 2007 samanlikna med juni til og med august 2007. Dette var knytt til ein oppgang i produksjonen i norsk næringsmiddelindustri, saman med ein vekst i forlag og grafisk industri.

Vekst sidan november 2006

Norsk industriproduksjon hadde ein vekst på 3,0 prosent frå november 2006 til november 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Investeringsvarer hadde ein auke på 8,0 prosent, medan det var ein oppgang på 1,8 prosent i produksjonen av innsatsvarer og 1,6 prosent for konsumvarer.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon auka med 4,6 prosent frå oktober 2006 til oktober 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk fra Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 3,5 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. November 2007. Prosentvis endring
 
 Virkedagskorrigert 1Sesongjustert
     November 2006-
november 2007
     Januar-november 2006-
Januar-november 2007
     Oktober 2007-
november 2007
     Juni-august 2007-
     september-november 2007
 
Totalindeksen2,0-0,8-2,12,7
     
Olje- og gassutvinning    0,7-4,7-1,24,2
Industri3,04,5-1,21,2
Kraftforsyning20,512,0-10,3-0,8
     
Etter varetype    
Innsatsvarer1,83,5-1,92,2
Investeringsvarer8,09,7-0,70,5
Konsumvarer1,62,1-0,11,2
Energivarer4,1-1,8-0,94,1
 
1  Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for glidande heilagdagar.
 

Tabeller