Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i industriproduksjonen
Gjennomsnittleg industriproduksjon gjekk ned med 1,0 prosent frå november 2007 til og med januar 2008 samanlikna med august til og med oktober 2007, viser sesongjusterte tal.
Produksjonen av innsatsvarer gjekk ned med 2,5 prosent i denne perioden. Dette var knytt til ein nedgang i kjemiske råvarer, ikkje-jarnhaldige metall og i trelastindustrien. Treforedlingsindustrien hadde også ein liten reduksjon i produksjonen. Det var dessutan ein nedgang på 0,3 prosent i produksjonen av konsumvarer frå november 2007 til og med januar 2008 samanlikna med august til og med oktober 2007. Det var berre mindre endringar i produksjonen i næringsmiddelindustrien.
Framleis oppgang i investeringsvarer
Produksjonen av investeringsvarer gjekk opp med 1,3 prosent frå november 2007 til og med januar 2008 samanlikna med månadene før. Oljeplattformer og maskinindustrien hadde framleis ein vekst, medan det var ein nedgang i elektroteknisk og optisk industri.
Auke sidan januar 2007
Industriproduksjonen hadde ein vekst på 2,6 prosent i januar 2008 samanlikna med den same månaden i 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Det var ein markert oppgang i produksjonen av investeringsvarer, medan produksjonen av innsatsvarer gjekk ned.
Produksjonsindeksen for 2008
Sesongjusteringa av produksjonsindeksen er betra i 2008. Dette skal ta større omsyn til særnorske heilagdagar i påska og pinsa. Det er også lagt inn oppdaterte faktorar for produktivitetsutviklinga i norsk verkstadindustri og nye basisprisar til berekningane i fleire næringar.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon hadde ein nedgang på 2,3 prosent i desember 2007 samanlikna med desember 2006, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein oppgang på 1,0 prosent i det same tidsrommet.
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Januar 2007- januar 2008 | November 2006-januar 2007- November 2007-januar 2008 | Desember 2007- januar 2008 | August 2007-oktober 2007- november 2007-januar 2008 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -1,4 | -0,4 | 1,5 | -2,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -3,9 | -3,1 | 2,1 | -0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 2,6 | 1,3 | 2,8 | -1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 11,6 | 16,7 | -2,7 | -15,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -2,5 | -1,2 | 0,8 | -2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 12,6 | 7,9 | 6,3 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 0,6 | -1,1 | 2,6 | -0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -2,3 | -0,1 | 0,1 | -1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at ukedager har ulik arbeidsintensitet og for bevegelige helligdager. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no