Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vekst i industriproduksjonen
Det var ein auke på 1,0 prosent i norsk industriproduksjon i 1. kvartal 2008 samanlikna med 4. kvartal 2007, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med vidare vekst i produksjonen av investeringsvarer.
Produksjonen av investeringsvarer hadde ein oppgang på 4,1 prosent i 1. kvartal 2008 samanlikna med 4. kvartal 2007. Dette var knytt til vekst i maskin- og transportmiddelindustrien. Metallvare- og plattformindustrien hadde også ein auke, medan det berre var mindre endringar i elektroteknisk og optisk industri. Det er den sterke ordresituasjonen over fleire år for norsk verkstadindustri og skip og plattformer som har gjeve grunnlaget for dette.
Innsatsvarer og konsumvarer
Det var ein nedgang på 1,8 prosent i produksjonen av innsatsvarer i det første kvartalet av 2008 samanlikna med det siste kvartalet i 2007. Produksjonen i trelast- og trevareindustrien, kjemiske råvarer og metallindustrien gjekk ned, medan det var auke i mineralprodukt- og gummi- og plastindustrien.
Produksjonen av konsumvarer gjekk opp med 0,5 prosent i 1. kvartal i år samanlikna med siste kvartalet i fjor. Dette var knytt til ein liten auke i nærings- og nytingsmiddelindustrien. I forlag og grafisk industri var det ein nedgang i produksjonen.
Nedgang sidan mars 2007
Virkedagskorrigerte tal viser at produksjonen i industrien gjekk ned med 0,4 prosent i mars 2008 samanlikna med mars 2007. Investeringsvarer hadde ein auke på 6,6 prosent, medan innsatsvarer og konsumvarer gjekk ned med høvesvis 4,4 og 4,5 prosent.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon hadde ein oppgang på 3,8 prosent i februar 2008 samanlikna med februar 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein vekst på 3,2 prosent i det same tidsrommet.
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars 2007- mars 2008 | Jauar 2007-mars 2007 -Januar 2008-mars 2008 | Februar 2008- mars 2008 | Oktober 2007-desember 2007- januar 2008-mars 2008 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 4,0 | 1,4 | 1,4 | 0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 5,0 | 1,0 | 2,5 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -0,4 | 2,2 | -2,0 | 1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 19,7 | 10,6 | 9,6 | -4,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -4,4 | -2,1 | -2,5 | -1,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 6,6 | 10,7 | -3,5 | 4,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -4,5 | -0,2 | -3,3 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 7,5 | 1,9 | 3,8 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for glidande helgedagar. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no