8573_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8573
Veksten i industriproduksjonen held fram
statistikk
2008-07-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmai 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Veksten i industriproduksjonen held fram

Gjennomsnittleg industriproduksjon gjekk opp med 3,1 prosent frå mars til og med mai 2008, samanlikna med desember 2007 til og med februar 2008, viser sesongjusterte tal.

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein oppgang på 5,2 prosent i denne siste tremånadersperioden. Dette var knytt til ein vidare vekst i næringar som oljeplattformer, maskin- og transportmiddelindustrien og ein ny auke i elektroteknisk og optisk industri. Høge ordrereservar i norsk verkstadindustri og skip og plattformer har gjeve grunnlag for denne auken.

Produksjonsindeksen for industri januar 1997- mai 2008. 1995=100

Innsatsvarer og konsumvarer

Det var ein sesongjustert vekst i produksjonen av innsatsvarer på 4,8 prosent i perioden mars til og med mai i år, samanlikna med dei tre føregåande månadene. Produksjonen i næringar som kjemiske råvarer, mineralprodukt- og metallindustrien har hatt ein oppgang. Dette heng mellom anna saman med norsk solcelleindustri og produksjonen av innsatsfaktorar til denne næringa.

For konsumvarer gjekk produksjonen ned med 1,4 prosent frå mars til med mai i år samanlikna med månadene før. Nærings- og nytingsmiddelindustrien hadde ein liten vekst, medan det var ein nedgang i forlag og grafisk industri.

Nedgang frå april til mai 2008

Sesongjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned med 0,7 prosent frå april til mai i år. Konsumvarer hadde ein nedgang i produksjonen, medan det var ein moderat vekst for innsatsvarer og investeringsvarer.

Vekst sidan mai 2007

Virkedagskorrigerte tal viser at produksjonen i industrien har gått opp med 5,6 prosent i mai 2008, samanlikna med mai 2007. Produksjonen av investeringsvarer har då hatt ein markert auke på 15,1 prosent, medan det var ein nedgang på 5,3 prosent i produksjonen av konsumvarer i same tidsrom.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon hadde ein oppgang på 7,5 prosent i april 2008, samanlikna med april 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein vekst på 4,5 prosent i det same tidsrommet.

Produksjonsindeksen for industrien. Mai 2008. Prosentvis endring
 
 Virkedagskorrigert 1Sesongjustert
 Mai 2007-mai 2008Januar 2007-mai 2007-
Januar 2008-mai 2008
April 2008-mai 2008Desember 2007-februar 2008-
mars 2008-mai 2008
 
Totalindeksen2,80,51,60,8
     
Olje- og gassutvinning2,1-1,43,1-0,5
Industri5,64,0-0,73,1
Kraftforsyning1,29,0-2,35,7
     
Etter varetype    
Innsatsvarer6,21,20,64,8
Investeringsvarer15,112,80,85,2
Konsumvarer-5,3-0,1-2,6-1,4
Energivarer2,80,03,10,8
 
1  Korrigert for at ukedager har ulik arbeidsintensitet og for bevegelige helligdager.
 

Tabeller