8569_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8569
Framleis vekst i industriproduksjonen
statistikk
2008-09-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis vekst i industriproduksjonen

Gjennomsnittleg industriproduksjon gjekk opp med 1,4 prosent frå mai til og med juli 2008 samanlikna med dei tre føregåande månadene, viser sesongjusterte tal.

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein vekst på 6,4 prosent i denne siste perioden. Dette var knytt til ytterlegare oppgang i oljeplattformer og maskinindustrien grunna dei store investeringane på norsk sokkel og dei høge ordrereservane i norsk industri i 2008. Dette gav også grunnlag for vidare vekst i transportmiddel- og metallvareindustrien, og i elektroteknisk og optisk industri.

Produksjonsindeksen for industri. Januar 1997-juli 2008. 1995=100

Vekst i produksjonen av innsatsvarer

Det var ein sesongjustert auke i produksjonen av innsatsvarer på 2,0 prosent frå mai til og med juli i år, samanlikna med dei tre føregåande månadene. Kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall hadde ein vekst, medan det var ein nedgang i produksjonen i treforedling og i trelast- og trevareindustrien.

Produksjonen av konsumvarer gjekk ned med 3,5 prosent frå mai til og med juli 2008 samanlikna med månadene før. Dette var knytt til ein nedgang i norsk næringsmiddelindustri grunna ein noko lågare eksport av fisk enn tidlegare i år, medan produksjonen i forlag og grafisk industri hadde ein vekst.

Uendra frå juni til juli 2008

Sesongjusterte tal viser at norsk industriproduksjon var om lag uendra frå juni til juli i år. For investeringsvarer gjekk produksjonen opp med 4,1 prosent, medan det var ein liten nedgang i konsumvarer og innsatsvarer.

Vekst sidan juli 2007

Vyrkedagskorrigerte tal viser at produksjonen i industrien har gått opp med 3,7 prosent i juli 2008 samanlikna med juli 2007. Produksjonen av investeringsvarer har då hatt ein markert auke på 19,0 prosent, medan det var ein nedgang på 4,8 prosent i produksjonen av konsumvarer i det same tidsrommet.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon hadde ein oppgang på 4,7 prosent i juni 2008 samanlikna med juni 2007, viser vyrkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein nedgang på 0,8 prosent i det same tidsrommet.

Produksjonsindeksen for industrien. Juli 2008. Prosentvis endring
 
 Vyrkedagskorrigert 1Sesongjustert
 Juli 2007-juli 2008Januar 2007-juli 2007-
Januar 2008-juli 2008
Juni 2008-juli 2008Februar 2008-april 2008-
mai 2008-juli 2008
 
Totalindeksen1,91,31,20,4
     
Olje- og gassutvinning0,70,02,1-0,6
Industri3,74,00,11,4
Kraftforsyning-0,27,9-0,74,3
     
Etter varetype    
Innsatsvarer0,91,6-0,72,0
Investeringsvarer19,013,44,16,4
Konsumvarer-4,8-1,1-1,1-3,5
Energivarer1,41,12,30,1
 
1  Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for glidande helgedagar.
 

Tabeller