Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svakare produksjon i industrien
Det var ein reduksjon på 1,4 prosent i norsk industriproduksjon i 3. kvartal i år samanlikna med 2. kvartal i år, viser sesongjusterte tal. For konsumvarer og innsatsvarer gjekk produksjonen ned, medan investeringsvarer framleis hadde ein auke.
Produksjonen av innsatsvarer hadde ein nedgang på 3,0 prosent i 3. kvartal i år samanlikna med 2. kvartal. Dette hang blant anna saman med ein nedgang i trelast- og trevareindustrien og mineralproduktindustrien, grunna lågare byggjeverksemd i 2008 . Næringar som oljeraffinering og kjemisk industri og treforedling har også hatt ein reduksjon, medan ikkje-jarnhaldige metall hadde ein vekst på 2,6 prosent i produksjonen.
Framleis vekst for investeringsvarer
Det var ein auke på 3,1 prosent i produksjonen av investeringsvarer i 3. kvartal i år samanlikna med 2. kvartal i år, viser sesongjusterte tal. Maskinindustrien og oljeplattformer har hatt ein vidare oppgang grunna dei høge investeringane på norsk sokkel og ordrereservane i verksemd knytt til utvinning av olje og gass på norsk sokkel og internasjonalt. Transportmiddelindustrien har hatt ein nedgang grunna lågare produksjon i næringer som leverer utstyr til motorkjøyretøy og bygging og reparasjon av fritidsbåtar. For fleire bedrifter i transportmiddelindustrien har vi registrert ein klart svakare ordretilgang i 3. kvartal i år enn i fjor.
I 3. kvartal i år gjekk produksjonen av konsumvarer ned med 2,9 prosent samanlikna med 2. kvartal. Dette var knytt til ein nedgang i norsk næringsmiddelindustri og i forlag og grafisk industri saman med ein klar reduksjon for norsk møbelindustri.
Uendra frå august til september 2008
Sesongjusterte tal viser at norsk industriproduksjon var om lag uendra frå august til september i år. For investeringsvarer gjekk produksjonen opp med 0,4 prosent, medan produksjonen i konsumvarer auka med 2,9 prosent.
Vekst sidan september 2007
Virkedagskorrigerte tal viser at produksjonen i industrien har gått opp med 2,5 prosent i september 2008 samanlikna med september 2007. Produksjonen av investeringsvarer har då hatt ein auke på 14,2 prosent, medan det var ein nedgang på 1,6 prosent i produksjonen av konsumvarer i same tidsrom.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon hadde ein oppgang på 2,8 prosent i august 2008 samanlikna med august 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein nedgang på 1,0 prosent i same tidsrom.
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
September 2007- september 2008 | Januar 2007-september 2007- januar 2008-september 2008 | August 2008- september 2008 | April 2008-juni 2008- juli 2008-september 2008 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -4,2 | -0,1 | 1,8 | -1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -4,7 | -1,4 | 2,5 | -1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 2,5 | 3,7 | 0,1 | -1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -12,0 | 3,5 | 3,5 | -2,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -0,2 | 1,4 | 0,0 | -3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 14,2 | 13,6 | 0,4 | 3,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -1,6 | -1,8 | 2,9 | -2,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -6,9 | -0,8 | 1,9 | -2,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for rørlege helgedagar. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no