8561_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8561
Lågare produksjon av innsatsvarer
statistikk
2009-01-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare produksjon av innsatsvarer

For norsk industri totalt var det ein nedgang i produksjonen på 0,7 prosent i perioden september til november 2008 samanlikna med førre tremånadersperiode, viser sesongjusterte tal. Dette er knytt til lågare produksjon av innsatsvarer.

Produksjonen av innsatsvarer har gått ned med 3,5 prosent. Nedgangen rammar særleg i metallindustrien og mineralproduktindustrien. Dette heng blant anna saman med lågare byggjeaktivitet . Produksjonen av kjemiske råvarer aukar i perioden.

Liten endring i produksjon av investeringsvarer

Sesongjusterte tal viser at investeringsvarer fall med 0,2 prosent i perioden september til november. I tidligare periodar har investeringsvarer vist ein markant auke. Det er no særleg transportmiddelindustrien som viser nedgang.

Varige konsumvarer kontra ikkje-varige konsumvarer

Konsumvarer i alt viser ein auke i produksjonen for perioden september til november 2008 på 2,6 prosent samanlikna med førre tremånadersperiode. Produksjonen av ikkje-varige konsumvarer aukar med 3,6 prosent, medan varige konsumvarer går ned med 1,8 prosent. Veksten i ikkje-varige konsumvarer er knytt til produksjonsauke i næringsmiddelindustrien.

Produksjonsindeksen for industri. Januar 1997-november 2008. 1995=100

Nedgang i produksjonen frå oktober til november 2008

Sesongjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned med 0,8 prosent frå oktober til november 2008. Både for innsatsvarer, investeringsvarer og konsumvarer gjekk produksjonen ned.

Svak vekst sidan november 2007

Virkedagskorrigerte tal viser at samla industriproduksjon har gått opp med 0,2 prosent i november 2008 samanlikna med november 2007. Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein auke på 10,6 prosent. Det er særleg maskinindustri og oljeplattformer som gjer at investeringsvarer har ein så sterk auke samanlikna med same månad i 2007. Innsatsvarer og konsumvarer viser nedgang.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon hadde ein oppgang på 1,0 prosent i oktober 2008 samanlikna med oktober 2007, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein nedgang på 6,0 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. November 2008. Prosentvis endring
 
 Virkedagskorrigert 1Sesongjustert
     November 2007-
november 2008
    Januar 2007-november 2007-
januar 2008-november 2008
    Oktober 2008-
november 2008
    Juni 2008-august 2008-
    september 2008-november 2008
 
Totalindeksen0,1-0,1-0,11,2
     
Olje- og gassutvinning0,7-1,10,32,2
Industri0,23,1-0,8-0,7
Kraftforsyning4,93,4-0,30,3
     
Etter varetype    
Innsatsvarer-5,9--2,5-3,5
Investeringsvarer10,613,1-0,5-0,2
Konsumvarer-2,5-1,8-0,82,6
Energivarer0,9-0,70,71,6
 
1  Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for rørlege helgedagar.
 

Tabeller