8557_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8557
Klår nedgang i industriproduksjonen
statistikk
2009-03-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjanuar 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Klår nedgang i industriproduksjonen

Industriproduksjonen gjekk ned med 2,8 prosent frå november 2008 til og med januar 2009 samanlikna med august til og med oktober 2008, viser sesongjusterte tal. Dette skjer grunna svikten i etterspurnaden etter industriprodukt heime og ute etter finanskrisa.

Dette har til dømes ført til ein klår nedgang i produksjonen i trelast- og trevareindustrien og i metallindustrien i den siste tremånadersperioden. Næringar som papirvare og papirvareindustrien og produksjon av kjemiske råvarer hadde også ein klår tilbakegang i produksjonen frå november 2008 til og med januar 2009, samanlikna med månadene før.

Produksjonsindeksen for industri. Januar 1997-januar 2009. 2005=100

Høge ordrereservar gjev vekst for maskinindustrien

Framleis høge ordrereservar i norsk oljeindustri har gjeve grunnlag for vidare vekst i maskinindustrien i den siste tremånadersperioden. Produksjonen i skips- og plattformindustrien viser derimot ein liten nedgang samanlikna med månadene før. Store problem i norsk og internasjonal bildeleindustri sørgjer for at produksjonen i annan verkstadindustri har gått klårt ned frå november 2008 til og med januar 2009, samanlikna med månadene før.

Norsk næringsmiddelindustri hadde ein auke på 0,5 prosent i den siste tremånadersperioden samanlikna med den førre, medan det var ein klår nedgang i møbelindustrien.

Frå januar 2008 til januar 2009

Virkedagskorrigerte tal viser at produksjonen i industrien gjekk ned med 4,0 prosent frå januar 2008 til januar 2009. Metallindustri og trelast- og trevareindustri hadde då eit markert fall i produksjonen, medan maskinindustrien og bygging av skip og plattformer hadde ein sterk vekst.

Frå desember 2008 til januar 2009

Sesongjusterte tal viser at det var ein nedgang i norsk industriproduksjon på 1,3 prosent frå desember 2008 til januar 2009. Den markerte svikten i norsk metallindustri og i trelast- og trevareindustrien har halde fram i januar i år. Desse næringane er i gang med klåre reduksjonar i produksjonen på grunn av den ekstraordinære svake marknadssituasjonen.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon gjekk ned 2,2 prosent frå desember 2007 til desember 2008, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned med 13,6 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. Januar 2009. Prosentvis endring
 
 Virkedagskorrigert 1Sesongjustert
 Januar 2008- januar2009November 2007- januar 2008-november 2008- januar 2009Desember 2008-januar 2009August 2008- oktober 2008- november 2008- januar 2009
 
Totalindeksen-0,61,4-1,42,9
     
Utvinning og utvinningstenester0,72,5-1,75,5
Industri-4,0-1,7-1,3-2,8
Kraftforsyning2,36,0-6,02,1
     
Etter varetype    
Innsatsvarer-3,5-3,0-2,9-2,5
Investeringsvarer7,38,50,9-0,3
Konsumvarer-7,7-4,0-1,2-1,3
Energivarer-0,22,0-1,74,6
 
1  Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.

Viktig melding: Ny næringsklassifisering

Frå januar 2009 blir det brukt ein ny versjon av norsk Standard for næringsgruppering (SN2007), ein nomenklatur for klassifisering av bedrifter og føretak i ulike næringar. Den viktigaste endringa for produksjonsindeksen er at forlagsindustri og gjenvinning går ut av industrien. I tillegg er det ein del andre endringar som gjev nye publiseringsnivå. Til dømes har ein del bedrifter i verkstadindustrien blitt klassifiserte under eit nytt aggregat som heiter Maskinreparasjon og -installasjon. For generell informasjon om overgang til ny standard klikk her .

Nytt basisår

Basisåret i produksjonsindeksen sine berekningar er endra til 2005=100 frå og med publiseringa av tal for januar 2009.

Betra sesongjustering

Den nye rutina vil i større grad ta omsyn til den norske kalenderen og difor også auke kvaliteten på sesongjusterte tal. Frå og med frigjeving av tal for januar 2009 vert det nytta ein betra rutine for virkedagskorrigering av Produksjonsindeksen. Tidlegare tok ein omsyn til vekedagseffektar, rørlege heilagdagar (påske, Kristi himmelfartsdag og pinse), skotår og ekstreme verdiar. Den nye metoden justerer også for faste heilagdagar (1. nyttårsdag, 1. mai, og 17. mai) og for kva for dag jula (24. - 26. desember) kjem på av vekedagane.

 

Tabeller