8553_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8553
Klår nedgang i industriproduksjonen
statistikk
2009-05-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmars 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Klår nedgang i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon gjekk ned med 2,9 prosent frå 4 kvartal 2008 til 1. kvartal 2009, viser sesongjusterte tal. Markert svikt i etterspurnaden etter ei rekkje industriprodukt grunna finanskrisa er årsaka til denne nedgangen.

Produksjonsindeksen for industri januar 1998-mars 2009. 2005=100

Metallindustri januar 2000-mars 2009. 2005=100

Metallindustrien og trelast- og trevareindustrien er blant dei næringane som er hardast råka av endringane fram til no. Dei store problema i til dømes den internasjonale bilindustrien har verka klart inn på etterspurnaden etter metall (sjå Ordrestatistikk for industrien ). Produksjonen i norsk metallindustri gjekk difor ned med 15,7 prosent i 1. kvartal 2009 og med 13,6 prosent i 4. kvartal 2008, samanlikna med kvartala før.

Redusert byggjeaktivitet i Noreg har elles sørgt for at produksjonen i trelast- og trevareindustrien gjekk ned med 20,5 prosent i 1. kvartal 2009 samanlikna med 4. kvartal 2008. Lågare byggjeaktivitet har til dels også ramma gummi, plast og mineralsk industri. Svekka internasjonal etterspurnad har elles verka inn på papir- og papirvareindustrien og i kjemiske råvarer. Desse næringane hadde ein nedgang på 8,5 og 2,3 prosent i produksjonen i 1. kvartal i år samanlikna med 4. kvartal i fjor, viser sesongjusterte tal.

Skip og plattformer

Produksjonen i bygging av skip og plattformer hadde ein vekst på 3,0 prosent frå 4. kvartal 2008 til 1. kvartal 2009. Dette er knytt til den noverande ordremassen i næringa, som framleis gjev grunnlag for ein til dels svært høg aktivitet. Produksjon av investeringsvarer gjekk difor opp med 1,4 prosent i 1. kvartal i år samanlikna med 4. kvartal i fjor, viser sesongjusterte tal. Dette har medverka til å dempe fallet i samla norsk industriproduksjon i 2009. Det var elles ein nedgang i annan verkstadindustri grunna problema i norsk bildelindustri.

Bygging av skip og oljeplattformer januar 2000-mars 2009. 2005=100

Nedgang i næringsmiddel- og møbelindustri

Produksjonen i norsk næringsmiddelindustri gjekk ned med 2,3 prosent i 1. kvartal 2009 samanlikna med 4. kvartal 2008. I det same tidsrommet gjekk produksjonen i møbel og annan industri ned med 10,5 prosent, viser sesongjusterte tal.

Frå mars 2008 til mars 2009

Vyrkedagskorrigerte tal viser at produksjonen i industrien gjekk ned med 2,8 prosent frå mars 2008 til mars 2009. Metallindustri, annan verkstadindustri og trelast- og trevareindustrien hadde då eit markert fall i produksjonen, medan maskinindustri og bygging av skip og plattformer framleis hadde ein god vekst.

Frå februar 2009 til mars 2009

Sesongjusterte tal viser at det var ein nedgang i norsk industriproduksjon på 0,6 prosent frå februar til mars 2009. Metall- og metallvareindustrien saman med gummi, plast og mineralsk industri hadde ein nedgang i produksjon, medan maskinindustrien og maskinreparasjon og installasjon hadde ein vekst.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon gjekk ned med 5,1 prosent frå februar 2008 til februar 2009, viser vyrkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned med 20,5 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. Mars 2009. Prosentvis endring
 
 Virkedagskorrigert 1Sesongjustert
 Mars 2008-
mars 2009
Januar 2008- mars 2008-
januar 2009- mars 2009
Februar 2009-
mars 2009
Oktober 2008-desember 2008-
januar 2009-mars 2009
 
Totalindeksen-1,60,1-2,7-1,0
     
Utvinning og utvinningstenester-0,42,1-3,80,2
Industri-2,8-4,0-0,6-2,9
Kraftforsyning-9,6-3,3-2,2-8,9
     
Etter varetype    
Innsatsvarer-13,6-2,8-16,03,3
Investeringsvarer13,29,11,11,4
Konsumvarer-4,5-7,00,3-4,4
Energivarer-3,3-0,4-2,0-1,6
 
1  Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlige fri- og heilagdagar i Noreg.

Viktig melding: Ny næringsklassifisering

Frå januar 2009 blir det brukt ein ny versjon av norsk Standard for næringsgruppering (SN2007), ein nomenklatur for klassifisering av bedrifter og føretak i ulike næringar. Den viktigaste endringa for produksjonsindeksen er at forlagsindustri og attvinning går ut av industrien. I tillegg er det ein del andre endringar som gjev nye publiseringsnivå. Til dømes har ein del bedrifter i verkstadindustrien blitt klassifiserte under eit nytt aggregat som heiter Maskinreparasjon og -installasjon. For generell informasjon om overgang til ny standard, klikk her .

 

Tabeller