Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis nedgang i industriproduksjonen
Norsk industriproduksjon gjekk ned med 2,8 prosent frå mars til og med mai 2009 samanlikna med den førre tremånadersperioden, viser sesongjusterte tal. Dette er mellom anna knytt til den svake utviklinga i metallindustrien.
Sesongjusterte tal viser at produksjonen i metallindustrien gjekk ned med 9,4 prosent i den siste tremånadersperioden. Sidan juli 2008 har produksjonen i denne næringa gått ned 34 prosent. Dette er på grunn av den markerte svikten i den internasjonale etterspurnaden som følgje av finanskrisa. Papir- og papirvareindustrien og metallvareindustrien har også hatt stor nedgang i produksjonen.
Vekst i enkelte næringar
Det har likevel vore vekst i enkelte delar av norsk industri i den siste tremånadersperioden samanlikna med den førre. Det gjeld til dømes trelast- og trevareindustrien som hadde ein auke på 0,8 prosent i produksjonen etter fleire periodar med nedgang. Veksten i bygging av skip og plattformer og maskinindustrien har halde fram. Her var det ein oppgang på høvesvis 1,1 og 0,6 prosent frå mars til og med mai 2009 samanlikna med den førre tremånadersperioden.
Frå mai 2008 til mai 2009
Virkedagskorrigerte tal viser at produksjonen i industrien gjekk ned med 9,8 prosent frå mai 2008 til mai 2009. Metallindustri, gummi, plast og mineralsk industri og annan verkstadindustri hadde eit markert fall i produksjonen, medan maskinindustrien og industri knytt til bygging av skip og plattformer hadde ein vekst på høvesvis 3,1 og 5,9 prosent.
Frå april 2009 til mai 2009
Sesongjusterte tal viser at det var ein nedgang i norsk industriproduksjon på 0,7 prosent frå april til mai 2009. Metallindustrien, saman med møbelindustri og annan industri, hadde størst nedgang i produksjonen, medan trelast- og trevareindustrien og papir- og papirvareindustrien hadde ein vekst.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon gjekk ned med 10,6 prosent frå april 2008 til april 2009, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned med 21,6 prosent i same tidsrom.
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mai 2008-mai 2009 | Januar 2008-mai 2008- Januar 2009-mai 2009 | April 2009-mai 2009 | Desember 2008-februar 2009- mars 2009-mai 2009 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -7,8 | -2,2 | -3,1 | -4,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning og utvinningstenester | -7,6 | -0,3 | -4,2 | -4,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -9,8 | -6,6 | -0,7 | -2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -16,3 | -8,0 | -2,2 | -10,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -7,7 | -5,5 | 2,3 | -9,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -0,6 | 5,3 | -0,1 | -0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -6,3 | -7,3 | -2,2 | -1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -1,3 | -0,7 | 0,8 | -1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. |
Dokumentasjon av sesongjusteringStatistisk sentralbyrå har laga ein generell dokumentasjon og ein dokumentasjon knytt til kvar statistikk for rutinar for sesongjustering. Dette byggjer på tilråding frå European Statistical System (ESS): Guidelines on seasonal adjustment . På denne måten ønskjer vi å klargjere rutinar som er i bruk i SSB. Dokumentasjonane gjer det også enklare å samanlikne rutinar og kvalitet statistikkane imellom. Ulike kvalitetsindikatorar er også publiserte under dokumentasjonane til kvar statistikk. Denne dokumentasjonen finst i venstre marg under Om sesongjustering . Den generelle dokumentasjonen finst her: http://www.ssb.no/metadata/metode/sesongjustering.pdf |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no