Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i industriproduksjonen
Industriproduksjonen gjekk ned med 2,5 prosent frå mai til og med juli samanlikna med førre tremånadersperioden, viser sesongjusterte tal.
Produksjonen i oljeraffinering og kjemisk, farmasøytisk industri fall med 8,6 prosent i den same perioden. Fleire viktige næringar i verkstadindustrien hadde også stor nedgang. Til dømes gjeld dette metallvareindustrien, data- og elektrisk utstyrsindustri og maskinreparasjon og -installasjon. Utviklinga kjem som følgje av svikt i etterspurnaden og lågare ordrereservar (sjå konjunkturbarometeret og kvartalsvis ordrestatistikk ). Dette har også verka inn på produksjonen i bygging av skip og plattformer, som gjekk ned med 3,7 prosent frå mai til og med juli i år samanlikna med månadene før.
Betring i nokre næringar
Nokre næringar har hatt ei meir positiv utvikling i dei siste tre månadene. Dette gjeld særskild trelast- og trevareindustrien som hadde ein vekst på 9,2 prosent. Produksjonen i norsk næringsmiddelindustri, som er den største enkeltnæringa i industrien, var omlag uendra i den siste perioden. Produksjonen i ikkje-jarnhaldige metall hadde ein auke på 1,9 prosent i den siste perioden. Veksten kjem etter fleire periodar med klår nedgang grunna den markerte svikten i etterspurnaden i 2009. I første halvår 2009 har næringa stengt ned eldre og mindre lønnsame delar av produksjonen.
Frå juli 2008 til juli 2009
Virkedagskorrigerte tal viser at produksjonen i industrien gjekk ned med 8,9 prosent frå juli 2008 til juli 2009. Metallindustri, papir- og papirvareindustri og annan verkstadindustri hadde eit markert fall i produksjonen, medan næringsmiddelindustrien og maskinindustrien hadde ein vekst på høvesvis 9,2 og 3,3 prosent.
Liten auke i juli 2009
Sesongjusterte tal viser at det var ein vekst i norsk industriproduksjon på 0,5 prosent frå juni til juli 2009. Næringsmiddelindustrien og bygging av skip og oljeplattformer medverkar til oppgangen med ein vekst på høvesvis 3,6 og 4,1 prosent. Begge desse næringane hadde nedgang i produksjonen i juni og mai.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon gjekk ned med 10,1 prosent frå juni 2008 til juni 2009, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned med 17,8 prosent i det same tidsrommet.
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 2008-juli 2009 | Januar 2008-juli 2008- januar 2009-juli 2009 | Juni 2009-juli 2009 | Februar 2009-april 2009- mai 2009-juli 2009 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -8,0 | -3,6 | -0,5 | -5,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning og utvinningstenester | -6,6 | -1,8 | -1,2 | -5,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -8,9 | -7,4 | 0,5 | -2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -23,8 | -12,3 | 2,2 | -10,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -32,2 | -10,8 | -12,5 | -12,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -2,7 | 3,5 | 0,6 | -1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -2,4 | -7,3 | 4,9 | -2,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -4,3 | -2,3 | 1,4 | -3,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at ukedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlige fri- og helligdager i Norge. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no