Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vekst i industriproduksjonen
Sesongjusterte tal viser at norsk industriproduksjon auka med 1,4 prosent frå 2. til 3. kvartal 2009. Dette kjem etter fire kvartal med klår nedgang.
Veksten i industriproduksjonen i 3. kvartal 2009 var mellom anna knytt til næringsmiddelindustrien som hadde ein oppgang på 3,8 prosent. Dette er den største næringa i industrien og står for om lag 14,5 prosent av samla produksjon. Veksten i denne næringa kjem blant anna som eit resultat av auka eksport av fisk og fiskeprodukt i 3. kvartal, jamfør statistikk for utanrikshandel med varer .
Betring for metallindustrien
Metallindustrien, og spesielt ikkje-jarnhaldige metall, bidrog også til veksten. Produksjonen i ikkje-jarnhaldige metall hadde ein auke på 11,4 prosent i den siste tremånadersperioden. Dette kom etter fleire periodar med klår nedgang på grunn av den markerte svikten i etterspurnaden etter metall. Papir- og papirvareindustrien samt industri knytt til maskinreparasjon og installasjon hadde også vekst i siste kvartal. Her gjekk produksjonen opp høvesvis 8,1 og 4,7 prosent.
Dempa vekst for skip og plattformer
Produksjonen i maskinindustrien og i bygging av skip og plattformer hadde ein vekst på 1,4 og 0,7 prosent i 3. kvartal samanlikna med 2. kvartal i år. Ordrereservane til desse næringane gav framleis grunnlag for ein høg aktivitet, men bygging av skip og oljeplattformer syner ei negativ utvikling den siste månaden. Ordrestatistikk for 3. kvartal i år viser at desse reservane blei klart reduserte i den siste perioden.
Frå august til september 2009
Sesongjusterte tal viser at det var ein vekst i norsk industriproduksjon på 2,2 prosent frå august til september 2009. Næringsmiddelindustrien samt papir- og papirvareindustrien medverka til oppgangen med ein vekst på høvesvis 2,0 og 9,8 prosent. Oljeraffinering og kjemisk farmasøytisk industri samt gummi, plast og mineralsk industri hadde også oppgang i september. Veksten den siste månaden kan delvis knytast til tilfelle av ekstraordinær driftsstans i august i fleire næringar. Dette hang saman med ting som tekniske problem, mangel på råstoff og den svake etterspurnaden.
Frå september 2008 til september 2009
Virkedagskorrigerte tal viser at industriproduksjonen gjekk ned med 4,4 prosent frå september 2008 til september 2009. Metallindustri, trelast- og trevareindustri og annan verkstadindustri hadde eit markert fall i produksjonen, medan næringsmiddelindustrien og maskinindustrien hadde ein vekst på høvesvis 4,9 og 5,3 prosent.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon gjekk ned med 7,8 prosent frå august 2008 til august 2009, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned med 16,4 prosent i det same tidsrommet.
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
September 2008- september 2009 | Januar 2008-september 2008- Januar 2009-september 2009 | August 2009- september 2009 | April 2009-juni 2009- juli 2009-september 2009 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -1,2 | -2,9 | 0,9 | 0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning og utvinningstenester | -1,3 | -1,1 | -0,1 | -0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -4,4 | -7,1 | 2,2 | 1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 0,3 | -10,6 | 6,6 | 6,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -12,9 | -10,9 | 0,0 | -4,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 0,6 | 2,8 | 0,4 | 1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -2,8 | -6,3 | 1,7 | 2,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 0,0 | -1,6 | -1,3 | -1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at ukedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlige fri- og helligdager i Norge |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no