Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i industriproduksjonen
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 0,4 prosent frå 4. kvartal 2009 til 1. kvartal 2010, viser sesongjusterte tal.
Produksjonen i metallindustrien hadde ein klar vekst i den siste perioden etter ei viss betring i den internasjonale etterspurnaden. Dette var til dels også gjeldande for produksjon av kjemiske råvarer. Aukande verksemd knytt til norsk solcelleindustri, mellom anna, trakk opp produksjonen i kjemiske råvarer. Her var det likevel langsiktige kontrakter frå tidlegare og utvida produksjonskapasitet som sørga for vidare vekst i norsk solcelleindustri. Det har også vore ein auke i trelast- og trevareindustrien i 1. kvartal 2010 etter fleire kvartal med uendra produksjon. I næringsmiddelindustrien var det ein nedgang på 1,3 prosent i produksjonen i 1. kvartal 2010 samanlikna med 4. kvartal 2009.
Nedgang for skip og plattformer
I bygging av skip og plattformer gjekk produksjonen ned med 6,0 prosent i 1. kvartal 2010 samanlikna med 4. kvartal 2009, viser sesongjusterte tal. Dette hang saman med den låge ordretilgangen og det markerte fallet i ordrereservane i næringa i 2009 og inn i 2010 ( Sjå Ordrestatistikk for 1. kvartal 2010 ).
Frå mars 2009 til mars 2010
Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 1,6 prosent frå mars 2009 til mars 2010, viser virkedagskorrigerte tal. Det var då ein klar vekst i ikkje-jarnhaldige metall og i kjemiske råvarer, medan produksjonen i bygging av skip og plattformer gjekk ned med 12,6 prosent.
Frå februar til mars 2010
Det var ein auke på 0,4 prosent i norsk industriproduksjon frå februar til mars 2010, viser sesongjusterte tal. Dette hang saman med ein vekst i næringsmiddelindustrien og ikkje-jarnhaldige metall, medan det var ein nedgang i skip og plattformer.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 0,2 prosent frå februar 2009 til februar 2010, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 4,3 prosent i same tidsrom.
Virkedagskorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars 2009-mars2010 | Januar 2009-mars 2009- januar 2010-mars 2010 |
Februar 2010-mars 2010 | Oktober 2009-desember 2009- januar 2010-mars 2010 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -5,0 | -4,8 | -1,8 | -1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning og utvinningstenester | -7,0 | -7,2 | -1,6 | -0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 1,6 | -0,1 | 0,4 | 0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -10,2 | 0,2 | -13,4 | -7,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 4,0 | -1,0 | -3,9 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -0,7 | -1,4 | 0,3 | -0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 1,4 | -1,0 | 0,7 | -0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -8,2 | -6,2 | -1,9 | -0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlige fri- og heilagdagar i Noreg. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no