Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i industriproduksjonen
Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 0,6 prosent frå mars til og med mai 2010 samanlikna med den førre tremånadersperioden, viser sesongjusterte tal.
Trelast- og trevareindustri saman med gummi, plast og mineralsk industri hadde ein klar vekst i produksjonen i denne siste perioden. Dette heng saman med ei betring i den innanlandske etterspurnaden i 2010. Det var òg ein oppgang i næringar som papir- og papirvareindustrien, kjemiske råvarer og metallindustrien. Årsaka er ei viss betring i den internasjonale etterspurnaden og dessutan langsiktige kontraktar i norsk solcelleindustri.
Næringsmiddel- og drikkevareindustrien hadde òg ein vekst på 0,7 prosent frå mars til og med mai 2010 samanlikna med månadene før. I trykking og grafisk industri hadde produksjonen derimot ein liten nedgang i den same perioden.
Små endringar for skip og plattformer
Sesongjusterte tal viser vidare at produksjonen i bygging av skip og plattformer gjekk ned 0,4 prosent frå mars til og med mai i år samanlikna med den førre tremånadersperioden. Det var vidare ein nedgang i data- og elektrisk utstyrsindustri samt maskinreparasjon og -installasjon, medan det var ein liten vekst i produksjonen i norsk maskinindustri.
Frå mai 2009 til mai 2010
Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 2,2 prosent frå mai 2009 til mai 2010, viser virkedagskorrigerte tal. Produksjonen i trelast- og trevareindustri, kjemiske råvarer og metallindustrien har hatt ein sterk vekst, medan bygging av skip og plattformer har hatt ein nedgang på 7,1 prosent sidan mai 2009.
Frå april til mai 2010
Det var ein reduksjon på 0,9 prosent i norsk industriproduksjon frå april til mai i år, viser sesongjusterte tal. Produksjonen i bygging av skip og plattformer gjekk noko ned, medan det var vekst i trelast- og trevareindustrien.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Virkedagskorrigerte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk opp med 3,0 prosent frå april 2009 til april 2010. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 9,6 prosent i det same tidsrommet.
Virkedagskorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mai 2009- mai 2010 |
Januar 2009-mai 2009- januar 2010-mai 2010 |
April 2010- mai 2010 |
Desember 2009-februar 2010- mars 2010-mai 2010 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -0,8 | -4,0 | 0,4 | -2,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning og utvinningstenester | - | -5,8 | 1,4 | -2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 2,2 | 1,0 | -0,9 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -14,5 | -3,7 | -5,0 | -17,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 2,6 | 2,2 | -5,2 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -1,5 | -1,9 | -0,3 | -0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -2,0 | -1,3 | -1,2 | -0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -7,4 | -6,8 | - | -3,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no