8521_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8521
Betring i industriproduksjonen
statistikk
2010-09-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Betring i industriproduksjonen

Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 1,2 prosent frå mai til og med juli 2010 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden, viser sesongjusterte tal.

Trelast- og trevareindustri hadde ein vekst i produksjonen på 12,0 prosent medan gummi, plast og mineralsk industri auka med 6,4 prosent. Dette heng saman med ein auke i byggjeaktiviteten i Noreg. Sjå ordrestatistikk for bygg og anlegg . Sesongjusterte tal viser at produksjonen i bygging av skip og plattformer gjekk opp med 3,3 prosent.

Industri. Næringar knytte til byggjeverksemd. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt 2005-2010

Industri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt 1999-2010

Kjemiske råvarer hadde ein vekst på 3,2 prosent frå mai til og med juli 2010 samanlikna med den førre tremånadersperioden. Høgare aktivitet i solcelleindustrien har bidrege til at denne næringa no har ein høgare produksjon enn før finanskrisa. Produksjonen i næringsmiddelindustrien var uendra i perioden, medan metallvareindustrien hadde ein nedgang på 1,4 prosent.

Frå juli 2009 til juli 2010

Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 6,6 prosent frå juli 2009 til juli 2010, viser virkedagskorrigerte tal. Produksjonen i trelast og trevare auka med 29,1 prosent medan metallindustri hadde ein vekst på 21,9 prosent. Næringsmiddelindustrien og trykking og grafisk industri hadde ein nedgang i perioden. Produksjonen i kjemiske råvarer hadde ein vekst på 68,5 prosent. Dette heng saman med høg aktivitet i juli 2010 grunna auka etterspurnad, medan aktiviteten i juli 2009 var prega av omfattande driftsstans og stengde anlegg.

Frå juni til juli 2010

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 0,1 prosent frå juni til juli 2010, viser sesongjusterte tal. Produksjonen i trelast og trevareindustrien hadde ein vekst på 10,0 prosent medan bygging av skip og oljeplattformer auka med 3,9 prosent. Næringsmiddelindustrien og metallvareindustrien hadde ein nedgang i produksjonen. Sesongjusterte tal viser vidare ein vekst på 16,6 prosent for kjemiske råvarer. Sesongjusterte endringar frå ein månad til ein annan må tolkast med varsemd, spesielt for kjemiske råvarer då næringa ikkje har eit stabilt sesongmønster.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Virkedagskorrigerte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk opp med 7,3 prosent frå juni 2009 til juni 2010. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 8,4 prosent i det same tidsrommet.

Produksjonsindeksen for industrien. Juli 2010. Prosentvis endring
 
  Virkedagskorrigert1 Sesongjustert
  Juli 2009-juli 2010 Januar 2009-juli 2009-
januar 2010-juli 2010
Juni 2010-juli 2010 Februar 2010-april 2010-
mai 2010-juli 2010
 
Totalindeksen -7,8 -4,5 -2,9 -3,2
         
Utvinning og utvinningstenester -12,4 -7,0 -5,7 -4,5
Industri 6,6 2,5 0,1 1,2
Kraftforsyning 0,4 -3,6 12,8 -9,5
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 30,5 5,5 -0,6 -1,9
Investeringsvarer 0,1 -1,1 -0,7 0,8
Konsumvarer 6,1 0,4 3,5 1,2
Energivarer -14,6 -8,0 -5,7 -4,9
 
1  Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.

Reberekning av andre kvartal 2010

Grunna problem med verdifastsetjing av enkelte produkt i trelast- og trevareindustri har SSB berekna tal for andre kvartal 2010 på nytt. Oppgåver som har kome inn etter førre publisering er også tekne med. Endringane gjeld i fyrste rekkje trelast og trevareindustri kor sesongjusterte tal no viser ein vekst på 5,3 prosent frå fyrste til andre kvartal 2010. Ved førre publisering var veksten 9,1 prosent. Tal for data-, elektrisk utstyrsindustri viser no ein sesongjustert vekst på 2,3 prosent i perioden. Ved førre publisering hadde næringa ein auke på 0,2 prosent. For andre næringar er det berre mindre endringar og utviklinga i industrien generelt sett er den same.

Tabeller

Tabeller til publiseringen