Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vekst i industriproduksjonen
I perioden juni til og med august auka industriproduksjonen med 2,0 prosent samanlikna med den førre tremånadersperioden, viser sesongjusterte tal.
Dette hang mellom anna saman med ein klar vekst frå mai til juni 2010. Trelast- og trevareindustrien og produksjon av kjemiske råvarer hadde ein klar oppgang i den siste tremånedersperioden. For trelast- og trevareindustrien hang dette saman med auka tilgang på byggeprosjekt i 2010 (sjå ordrestatistikk for bygg og anlegg ). Endringane for kjemiske råvarer var knytte til betring i etterspurnaden og vidare oppgang i norsk solcelleindustri.
Det har elles vore ein vekst i bygging av skip og plattformer, medan produksjonen i metallvareindustrien og annan verkstadindustri har gått noko ned. Næringsmiddelindustrien har også hatt ein liten nedgang i produksjonen dei tre siste månadene, samanlikna med perioden før.
Tolking av sesongjusterte talFor å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, til dømes juni til og med august mot mars til og med mai. |
Frå august 2009 til august 2010
Det var ein vekst på 2,6 prosent i norsk industriproduksjon frå august 2009 til august 2010, viser virkedagskorrigerte tal. Dette var knytt til ein klar oppgang i produksjonen i kjemiske råvarer, trelast- og trevareindustrien og i metallindustrien. Næringar som mellom anna bygging av skip og plattformer, maskinindustrien og metallvareindustrien har hatt ein nedgang i produksjonen i det same tidsrommet. Dette var knytt til ein nedgang i ordrereservane for mellom anna norsk plattformindustri sidan 2. kvartal 2009 ( sjå ordrestatistikk for industrien ).
Frå juli til august 2010
Norsk industriproduksjon gjekk ned med 2,0 prosent frå juli til august 2010, viser sesongjusterte tal. Det var nedgang i mellom anna produksjon av kjemiske råvarer, trelast- og trevareindustrien og i metallindustrien. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må elles tolkast med varsemd, særskild for kjemiske råvarer då næringa ikkje har eit stabilt sesongmønster. Data- og elektrisk utstyrsindustri, og maskinreparasjon og installasjon, hadde også ein nedgang i produksjonen frå juli til august 2010.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Virkedagskorrigerte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk opp med 6,6 prosent frå juli 2009 til juli 2010. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 7,8 prosent i det same tidsrommet.
Virkedagskorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 2009- august 2010 |
Januar 2009-august 2009- januar 2010-august 2010 |
Juli 2010- august 2010 |
Mars 2010-mai 2010- juni 2010-august 2010 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -13,0 | -5,5 | -4,7 | -6,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning og utvinningstenester | -18,9 | -8,4 | -6,2 | -9,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 2,6 | 2,5 | -2,0 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -15,9 | -5,1 | -4,7 | -3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 0,9 | 4,9 | -2,4 | -1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -2,5 | -1,3 | -0,8 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 2,7 | 0,8 | -1,7 | 3,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -20,1 | -9,5 | -5,8 | -8,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no