8517_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8517
Gradvis auke i industriproduksjonen
statistikk
2010-11-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningseptember 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Gradvis auke i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon auka med 1,2 prosent frå 2. til 3. kvartal 2010, viser sesongjusterte tal. Dette var blant anna knytt til produksjonsvekst i kjemiske råvarer og bygging av skip og oljeplattformer.

Industriproduksjon. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt 1999-2010

Industriproduksjon. Sesongjustert og trend. Januar 1999-september 2010, 2005=100

Produksjonen av kjemiske råvarer hadde ein auke på 9,3 prosent i perioden. Produksjonen av trelast- og trevarer held fram den positive utviklinga, og hadde ein oppgang på 6,3 prosent i tredje kvartal. Samla industriproduksjon har auka gradvis etter nedgangen som følgje av finanskrisa, og tredje kvartal 2010 var femte kvartal på rad med vekst. Samla produksjon i industrien er no 7 prosent høgre enn i juni 2009.

Betring for skip og plattformer

Bygging av skip og oljeplattformer viser ei positiv utvikling, og hadde ein oppgang på 3,6 prosent frå 2. til 3. kvartal. Sesongjusterte tal viser at produksjonen i denne næringa fall med 12 prosent i perioden frå mars 2009 til mars 2010. Frå mars til september i år har produksjonen auka med 8 prosent igjen. Ordrestatistikk for 3. kvartal viser at ordretilgangen i næringa hadde ein klar auke i siste kvartal.

Nedgang for metall- og metallvareindustri

Sjølv om den totale industriproduksjonen auka i tredje kvartal, hadde fleire av industrinæringane ein nedgang i produksjonen. Produksjonen i metallindustrien fall med 2,1 prosent i perioden, medan metallvareindustrien hadde ein nedgang på 2,3 prosent. Næringsmiddelindustrien hadde også ei negativ utvikling, her gjekk produksjonen ned 1,5 prosent i siste kvartal.

Utvalde næringar. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt 2003-2010

Opp frå september 2009 til september 2010

Virkedagskorrigerte tal viser at industriproduksjonen gjekk opp med 3,3 prosent frå september 2009 til september 2010. Trelast- og trevareindustri og metallindustrien hadde ein vekst på høvesvis 15,7 og 13,8 prosent i perioden, medan maskinreparasjon og installasjon hadde ein nedgang på 1,6 prosent.

Vekst frå august til september 2010

Sesongjusterte tal viser at det var ein vekst i norsk industriproduksjon på 1,6 prosent frå august til september 2010. Næringsmiddelindustrien medverka til oppgangen med ein vekst på 1,5 prosent. Veksten i denne næringa kjem blant anna som eit resultat av auke i eksporten av fisk og fiskeprodukt i september, sjå statistikk for utanrikshandel med varer . Metallvareindustri, data - og elektrisk utstyrsindustri, samt annan verkstadindustri hadde også oppgang i september.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Virkedagskorrigerte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk opp med 2,6 prosent frå august 2009 til august 2010. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 9,1 prosent i det same tidsrommet.

Produksjonsindeksen for industrien. September 2010. Prosentvis endring
 
  Virkedagskorrigert1 Sesongjustert
  September 2009-
september 2010
   Januar 2009-september 2009-
januar 2010-september 2010
   August 2010-
september 2010
   April 2010-juni 2010-
juli 2010-september 2010
 
Totalindeksen -10,9 -6,1 1,8 -6,7
         
Utvinning og utvinningstenester -17,2 -9,3 1,6 -11,2
Industri 3,3 2,6 1,6 1,2
Kraftforsyning -13,5 -5,9 5,3 4,1
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 6,1 5,0 3,4 -1,5
Investeringsvarer - -1,1 1,2 0,1
Konsumvarer 6,1 1,4 2,9 4,3
Energivarer -19,3 -10,5 1,0 -9,6
 
1  Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.

Tolking av sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, til dømes juli til og med september mot april til og med juni. Sesongjusterte endringar frå ein månad til ein annan må tolkast med varsemd.

Utvida frigjeving i statistikkbanken

Frå og med september 2010 blir det publisert seriar for årstal i statistikkbanken (tabell 08297). Årstala er berekna som det aritmetiske gjennomsnittet av dei virkedagskorrigerte månadstala for det gjeldande året.

Tabeller

Tabeller til publiseringen