Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Om lag uendra industriproduksjon
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 0,2 prosent frå september til og med november 2010 samanlikna med den førre tremånadersperioden, ifølgje sesongjusterte tal.
Utviklinga heng blant anna saman med ein vekst på 1,5 prosent i maskinindustrien og ein oppgang på 1,4 prosent i både dataindustri og elektrisk utstyrsindustri og metallvareindustri. Trelast- og trevareindustri og metallindustri har hatt ein nedgang på høvesvis 3,9 og 4,3 prosent, viser sesongjusterte tal.
Opp frå november 2009 til november 2010
Virkedagskorrigerte tal viser at industriproduksjonen gjekk opp med 3,6 prosent frå november 2009 til november 2010. Kjemiske råvarer hadde ein oppgang på 12,1 prosent, noko som heng saman med auka aktivitet i norsk solcellerelatert industri. Trelast- og trevareindustri hadde også ein klar vekst medan bygging av skip og oljeplattformer, dataindustri og elektrisk utstyrsindustri og metallvareindustri hadde nedgang i produksjonen, ifølgje virkedagskorrigerte tal.
Vekst frå oktober til november 2010
Sesongjusterte tal viser at det var ein vekst i norsk industriproduksjon på 0,9 prosent frå oktober til november 2010. Næringsmiddelindustrien medverka til oppgangen med ein vekst på 1,6 prosent. Trelast- og trevareindustri, maskinindustri samt maskinreparasjon og installasjon hadde også oppgang i november. Produksjonen i kjemiske råvarer og data og elektrisk utstyrsindustri gjekk ned.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Virkedagskorrigerte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk opp med 3,1 prosent frå oktober 2009 til oktober 2010. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 7,8 prosent i det same tidsrommet.
Virkedagskorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
November 2009- november 2010 |
Januar 2009-november 2009- januar 2010-november 2010 |
Oktober 2010- november 2010 |
Juni 2010-august 2010- september 2010-november 2010 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -4,7 | -5,7 | -2,8 | 2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | -8,7 | -8,8 | -5,0 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 3,6 | 2,7 | 0,9 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -0,3 | -5,8 | 2,2 | 10,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 3,3 | 5,2 | 0,3 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 1,3 | -0,7 | 0,9 | 0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 8,5 | 2,1 | 3,2 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -9,1 | -9,8 | -5,1 | 1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. |
Reberekning av september og oktoberGrunna problem med verdifastsetjing av enkelte produkt i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri har SSB berekna tal for september og oktober 2010 på nytt. Oppgåver som har kome inn etter førre publisering er også tekne med. Dei nye tala viser ein lågare vekst i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri. For andre næringar er det berre mindre endringar. |
Tolking av sesongjusterte talFor å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, til dømes september til og med november mot juni til og med august. Sesongjusterte endringar frå ein månad til ein annan må tolkast med varsemd. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no