Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i industriproduksjonen
Norsk industriproduksjon auka med 0,4 prosent i 1. kvartal 2012 samanlikna med 4. kvartal 2011, viser sesongjusterte tal.
Trelast- og trevareindustri og metallindustri hadde då ein vekst på høvesvis 5,7 prosent og 4,2 prosent. Metallvareindustri og maskinindustri hadde elles ein vidare auke på 2,4 prosent og 2,5 prosent. Dette var mellom anna knytt til dei høge investeringane i norsk olje- og gassutvinning (sjå investeringsstatistikk for 1. kvartal 2012 ). Det var også ein oppgang på 3,1 prosent i norsk næringsmiddelindustri i 1. kvartal 2012 samanlikna med 4. kvartal 2011, viser sesongjusterte tal. Dette hang delvis saman med ein auke i produksjonen av fisk og fiskevarer. Papir- og papirvareindustri og kjemiske råvarer hadde derimot ein nedgang i produksjonen på 12,5 prosent og 6,0 prosent i same tidsrom. Endringane for kjemiske råvarer hang delvis saman med den markerte svikten i norsk solcellerelatert industri i 2012.
Frå mars 2011 til mars 2012
Produksjonen i norsk industri vart redusert med 0,8 prosent frå mars 2011 til mars 2012, viser virkedagskorrigerte tal. Kjemiske råvarer og papir- og papirvareindustri har då hatt ein klår nedgang, medan til dømes maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer har hatt ein sterk vekst. Næringsmiddelindustrien har også hatt ein auke i produksjonen sidan mars 2011.
Frå februar til mars 2012
Norsk industriproduksjon gjekk ned 0,5 prosent frå februar til mars 2012, viser sesongjusterte tal. Trelast og trevareindustri, papir- og papirvareindustri og kjemiske råvarer hadde då ein nedgang, medan det var vekst i mellom anna næringsmiddelindustri, metallindustri og bygging av skip og oljeplattformer.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon auka med 0,7 prosent frå februar 2011 til februar 2012, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned med 2,6 prosent i same tidsrom.
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars 2011- mars 2012 | Januar 2011-mars 2011- januar 2012-mars 2012 | Februar 2012- mars 2012 | Oktober 2011-desember 2011- januar 2012-mars 2012 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 2,4 | 2,9 | -0,7 | 2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning og utvinningstenester | -0,4 | -1,2 | -0,3 | 1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -0,8 | 0,5 | -0,5 | 0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 26,0 | 32,6 | -3,4 | 10,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -1,9 | 5,0 | -5,3 | 1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 8,2 | 8,3 | 0,3 | 1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -0,7 | -3,5 | 2,5 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 2,2 | 1,0 | -0,7 | 1,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. |
Tolking av sesongjusterte talFor å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel januar 2012 til og med mars 2012 mot oktober til og med desember 2011. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. |
Timeverk frå innleidde arbeidararFrå og med januar 2012 er også timeverk utførd av innleidde arbeidarar tekne med i berekninga av produksjonsindeksen for industrien. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no