Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Moderat vekst i industriproduksjonen
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 0,4 prosent frå mars til og med mai 2012 samanlikna med tremånadarsperioden før, viser sesongjusterte tal.
Næringsmiddelindustri og metallindustri har hatt ein auke i produksjonen i denne perioden. Det har også vore ein viss vekst i næringar som metallvareindustri og maskinindustrien. For bygging av skip og oljeplattformer og maskinreparasjon og -installasjon har det derimot vore ein liten nedgang i produksjonen i dette tidsrommet. Dette har til dels samanheng med at enkelte større produsentar er mellom store oppdrag, og at næringane har hatt ein markert auke i 2011. Produksjonen i trelast- og trevareindustri, papir- og papirvareindustri og kjemiske råvarer gjekk elles ned frå mars til og med mai 2012, samanlikna med månadane før. Vidare nedbygging av norsk solcellerelatert industri har virka inn på produksjonen av kjemiske råvarer.
Frå mai 2011 til mai 2012
Produksjonen i norsk industriproduksjon gjekk opp med 1,7 prosent frå mai 2011 til mai 2012, viser virkedagskorrigerte tal. Det var ein klar vekst i næringar som maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer, medan det var ein markert nedgang i kjemiske råvarer og papir- og papirvareindustrien. Det var også ein nedgang i produksjonen i norsk næringsmiddelindustri og metallindustrien frå mai 2011 til mai 2012. Desse endringane viser at det er klare bransjevise skilnader i norsk industriproduksjon. Sjå SSBmagasinet for meir om utviklinga dei siste åra
Frå april til mai 2012
Det var ein auke på 0,5 prosent i norsk industriproduksjon frå april til mai 2012, viser sesongjusterte tal. Metallvareindustri, maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer hadde til dømes vekst i produksjonen igjen, medan det var ein vidare nedgang i produksjonen i kjemiske råvarer.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon auka med 1,9 prosent frå april 2011 til april 2012, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned med 3,2 prosent i same tidsrom.
Virkedagskorrigert 1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mai 2011- mai 2012 | Januar 2011-mai 2011- januar 2012-mai 2012 | April 2012- mai 2012 | Desember 2011-februar 2012- mars 2012-mai 2012 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 13,0 | 5,5 | 1,5 | 3,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning og utvinningstenester | 15,8 | 2,7 | 2,0 | 2,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 1,7 | 1,1 | 0,5 | 0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 30,6 | 34,0 | 3,0 | 15,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 3,1 | 3,3 | 2,7 | -3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 7,5 | 8,3 | 1,7 | - | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -3,1 | -3,0 | -0,5 | 2,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 12,5 | 4,5 | -2,7 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlige fri- og heilagdagar i Noreg. |
Tolking av sesongjusterte talFor å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel mars til og med mai 2012 mot desember 2011 til og med februar 2012. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. |
Timeverk frå innleidde arbeidararFrå og med januar 2012 er også timeverk utførte av innleigde arbeidarar tekne med i berekninga av produksjonsindeksen for industrien. Slike tal er samla inn frå og med januar 2011. Når ein tek med desse timeverka vil det kunne føre til noko større kortsiktige svingingar for næringar som bruker stor grad av innleigde arbeidarar. Samtidig vil det gi eit meir korrekt bilete av den faktiske aktiviteten i næringar der produksjonsindeksen brukar timeverk som indikator. Innleigd arbeidskraft vil typisk kunne hentast inn på kort sikt for å ta unna oppdrag i periodar med høgkonjunktur, samtidig som denne type arbeidskraft raskt kan takast ut av verksemda i periodar med lågkonjunktur. Næringar som bygging av skip og oljeplattformer og maskinreparasjon og installasjon brukar i stor grad innleigd arbeidskraft i periodar med høg aktivitet. |
Nye prosjektNye prosjekt i næringar med timeverk som indikator blir fanga opp kontinuerleg, dersom prosjektet blir gjennomført av verksemder som er dekte av utvalet. Det er det totale talet timar som er utført i teljingsmånaden som skal rapporterast, uavhengig av kva for prosjekt timane er knytte til. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no