Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang for sentrale industribransjar
Industriproduksjonen viste ein nedgang på 2,2 prosent frå 1998 til 1999. Sentrale bransjar som bygging av skip og plattformer, verkstadindustrien og næringsmiddelindustrien erfarte nedgang. Produksjonen stabiliserte seg noko i 2. halvår.
Nedgangen gjennom 1999 er knytt til ei svak utvikling i produksjonen av investeringsvarer. Svakare etterspurnad og aukande konkurranse har sendt delar av verkstadnæringane, inklusive bygging av skip og plattformar, inn i ein situasjon med svakare produksjon. I 4. kvartal var industriproduksjonen om lag 2,5 prosent lågare enn i tilsvarande periode i 1998. Det har vore ein klar auke i produksjonen av energivarer gjennom 4. kvartal. Denne auken trekkjer opp totalindeksen.
Vekst i delar av industrien
Kjemisk industri og metallindustri har hatt ei betre utvikling gjennom 2. halvår 1999 knytt til ein god eksportretta etterspurnad. Begge desse næringane har hatt ein sesongjustert auke på om lag 2 prosent gjennom dei tre siste månadene. Næringsmiddelindustrien har også hatt ei positiv utvikling gjennom den siste delen av 1999, men utviklinga vart likevel negativ på årsbasis. Auken i desse næringane gjer at samla industriproduksjon har vore om lag uendra i 2. halvår, trass i nedgangen i verkstadnæringane.
Produksjonsindeksen for industrien. Desember 1999. Prosentvis endring |
Ukekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Desember 1998-
desember 1999 |
Januar-desember 1998-
januar-desember 1999 |
November 1999-
desember 1999 |
Forrige 3 md. | ||||||||||||||||
Totalindeksen | 8,5 | -0,2 | 1,5 | -0,3 | |||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 11,5 | 0,5 | 0,4 | 4,8 | |||||||||||||||
Industri | -1,4 | -2,2 | 0,1 | 0,0 | |||||||||||||||
Kraftforsyning | 14,8 | 4,9 | 6,1 | -7,9 | |||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -0,2 | -2,3 | 1,2 | 0,4 | |||||||||||||||
Investeringsvarer | -10,2 | -1,8 | -4,9 | -4,1 | |||||||||||||||
Konsumvarer | 3,1 | -2,6 | -0,7 | 1,2 | |||||||||||||||
Energivarer | 11,2 | 1,1 | 1,0 | 2,2 | |||||||||||||||
1 | Omregnet til standardmåned og korrigert for ulike antall arbeidsdager per uke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no