54402_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
54402
Gradvis auke i industriproduksjonen
statistikk
2011-03-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjanuar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Gradvis auke i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon auka med 0,4 prosent frå november 2010 til og med januar 2011 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden, viser sesongjusterte tal.

Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hadde ein vekst på 1,6 prosent, medan data- og elektrisk utstyrsindustri auka med 4,4 prosent i perioden. Metallvareindustri og maskinindustri gjekk opp med høvesvis 0,8 og 2,0 prosent. Denne utviklinga heng saman med ny auke i ordrereservar og ordretilgangar for desse næringane i 4. kvartal i 2010. Sjå meir i kvartalsvis ordrestatistikk .

Industri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt 2000-2011

Sesongjusterte tal viser elles at produksjonen i næringsmiddelindustrien gjekk ned med 1,3 prosent frå november 2010 til og med januar 2011 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden. Bygging av skip og oljeplattformer hadde ein nedgang på 1,9 prosent, medan produksjonen i trelast- og trevareindustrien gjekk ned med 5,5 prosent.

Opp frå januar 2010 til januar 2011

Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 3,3 prosent frå januar 2010 til januar i år, viser virkedagskorrigerte tal. Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri og gummi, plast og mineralsk industri hadde ein auke på høvesvis 15 og 15,1 prosent. Produksjonen i data- og elektrisk utstyrsindustri hadde ein vekst på 10,5 prosent. Trelast- og trevareindustrien, trykking og grafisk industri, samt metallvareindustrien, hadde ein nedgang i perioden.

Vekst frå desember 2010 til januar 2011

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 0,6 prosent frå desember 2010 til januar 2011, viser sesongjusterte tal. Produksjonen i maskinindustri gjekk opp med 2,9 prosent, medan kjemiske råvarer auka med 2,0 prosent. Det var også ein vekst på 1,3 prosent i data- og elektrisk utstyrsindustri, viser sesongjusterte tal. Produksjonen i trelast- og trevareindustrien, og i bygging av skip og oljeplattformer, gjekk ned med høvesvis 9,1 og 3,6 prosent i perioden.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 2,1 prosent frå desember 2009 til desember 2010, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 8,6 prosent i det same tidsrommet.

Produksjonsindeksen for industrien. Januar 2011. Prosentvis endring
 
  Virkedagskorrigert1 Sesongjustert
  Januar 2010-
januar 2011
November 2009-januar 2010-
november 2010- januar 2011
Desember 2010-
januar 2011
August 2010- oktober 2010-
november 2010-januar 2011
 
Totalindeksen -6,4 -4,6 -2,7 3,8
         
Utvinning og utvinningstenester -8,7 -7,8 -1,9 5,7
Industri 3,3 3,1 0,6 0,4
Kraftforsyning -23,3 -8,2 -21,0 5,1
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 4,5 6,3 -2,6 4,3
Investeringsvarer 1,5 1,4 0,1 0,8
Konsumvarer 2,1 2,9 1,3 -0,2
Energivarer -10,6 -8,8 -2,4 3,7
 
1  Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.

Frå industri til utvinningstenester

Frå og med januar 2011 er fleire bedrifter omklassifiserte frå industriell verksemd til tenesteytande verksemd i bedrifts- og føretaksregisteret. I produksjonsindeksen er desse bedriftene difor flytta frå industri til utvinning og utvinningstenester. Endringane er også innarbeidde i det nye vektgrunnlaget for 2011 . Sjå meir om endringane i årsstatistikk for olje og gassverksemd .

Endra målemetode

Frå og med januar 2011 er målemetoden som blir brukt i tekstil-, klede- og lêrvareindustrien endra frå mengd produkt til utførte timeverk. Dette er gjort for å auke kvaliteten på indeksen for denne næringa. For meir om målemetodar i statistikken, sjå NOS 436 Produksjonsindeksen for industrien 2009 .

Nytt vektgrunnlag

Vektgrunnlaget i produksjonsindeksen for industrien for 2011 byggjer på tal frå årleg strukturstatistikk for industrien frå 2009. Desse tala er framskrivne med månadlege omsetningstal frå 2010, for å bruke så oppdaterte vekter som mogleg. Nytt for 2011 er at verksemd som er klassifisert som hjelpeføretak og holdingselskap i konsern i årlig strukturstatistikk, ikkje lengre er med i vektgrunnlaget. For meir om vekter i statistikken, sjå kapitlet 3.6 Beregninger i Om statistikken .

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen