Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i industriproduksjonen
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 0,5 prosent frå 4. kvartal 2010 til 1. kvartal 2011, viser sesongjusterte tal.
Dette heng saman med ein vekst i næringar som dataindustri og elektrisk utstyrsindustri, metallindustri og maskinindustrien. Det var også ein auke i produksjonen i maskinreparasjon og -installasjon og i annan verkstadindustri. I bygging av skip og oljeplattformer gjekk produksjonen derimot ned. Trelast- og trevareindustri og papir- og papirvareindustrien hadde også ein nedgang i produksjonen i 1. kvartal 2011 samanlikna med 4. kvartal 2010.
Frå mars 2010 til mars 2011
Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 3,0 prosent frå mars 2010 til mars 2011, viser virkedagskorrigerte tal. Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri og dataindustri og elektrisk utstyrsindustri hadde ein vekst på høvesvis 10,7 og 28,3 prosent. Det var også ein auke i bygging av skip og oljeplattformer og i maskinindustrien, medan produksjonen i næringsmiddelindustrien og papir- og papirvareindustrien gjekk ned.
Vekst frå februar til mars 2011
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 0,9 prosent frå februar til mars 2011, viser sesongjusterte tal. Det var vekst i næringar som dataindustri og elektrisk utstyrsindustri, trelast- og trevareindustri og ikkje-jarnhaldige metall. Produksjonen i næringsmiddelindustri, papir- og papirvareindustri og i kjemiske råvarer gjekk derimot ned frå februar til mars 2011. Mellombels driftsstans på anlegg i næringsmiddelindustrien og papir- og papirvareindustrien virka inn på produksjonen i mars 2011.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 2,0 prosent frå februar 2010 til februar 2011, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 9,3 prosent i det same tidsrommet.
Virkedagskorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars 2010- mars 2011 |
Jan.2010-mars 2010- jan.2011-mars 2011 |
Feb. 2011- mars 2011 |
Okt. 2010-des. 2010- jan. 2011-mars 2011 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -6,5 | -6,4 | -1,5 | -3,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning og utvinningstenester | -10,5 | -9,5 | -2,8 | -4,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 3,0 | 2,8 | 0,9 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | -7,0 | -16,4 | 0,6 | -14,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 10,1 | 6,4 | 2,5 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 1,9 | 1,9 | -0,3 | 0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -2,1 | -0,5 | - | -2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -11,4 | -10,7 | -2,4 | -4,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. |
Tolking av sesongjusterte talFor å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, til dømes januar til og med mars 2011 mot oktober til og med desember 2010. Sesongjusterte endringar frå ein månad til ein annan må tolkast med varsemd. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no