54410_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
54410
Vekst i industriproduksjonen
statistikk
2011-07-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmai 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon auka med 0,7 prosent frå mars til og med mai 2011 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.

Industriproduksjon. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt 2000-2011

Betring i etterspurnaden og marknadsprisane gav grunnlag for vekst i norsk næringsmiddelindustri (sjå Konjunkturbarometeret for industrien) . Trelast- og trevareindustrien har også hatt ein auke i produksjonen saman med oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri samt data- og elektrisk utstyrsindustri. Papir- og papirvareindustrien samt maskinreparasjon og installasjon hadde ein nedgang frå mars til og med mai 2011 samanlikna med månadene før.

Frå mai 2010 til mai 2011

Produksjonen i industrien gjekk opp 5,6 prosent frå mai 2010 til mai 2011, viser virkedagskorrigerte tal. Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, maskinindustri samt bygging av skip og oljeplattformer hadde ein vekst i produksjon, medan det var ein nedgang i papir- og papirvareindustrien.

Frå april til mai 2011

Det var en oppgang på 2,4 prosent i norsk industriproduksjon frå april til mai 2011, viser sesongjusterte tal. Produksjonen gjekk opp i næringar som maskinindustri, bygging av skip og oljeplattformer samt næringsmiddelindustrien.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon gjekk opp 0,7 prosent frå april 2010 til april 2011, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 6,5 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. Mai 2011. Prosentvis endring
 
  Virkedagskorrigert1 Sesongjustert
  Mai 2010-
mai 2011
Januar 2010-
mai 2010-
januar 2011-
mai 2011
April 2011-
mai 2011
Desember 2010-
februar 2011-
mars 2011-
mai 2011
 
Totalindeksen -12,4 -8,0 -2,7 -5,0
         
Utvinning og utvinningstenester -22,2 -12,4 -6,9 -8,1
Industri 5,6 2,9 2,4 0,7
Kraftforsyning 15,0 -10,1 7,5 -2,7
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 3,9 4,9 -1,7 -0,5
Investeringsvarer 5,2 1,6 4,5 -0,8
Konsumvarer 8,9 2,1 1,4 2,4
Energivarer -19,6 -12,9 -7,3 -8,1
 
1  Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlige fri- og
heilagdagar i Noreg.

Tolking av sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, til dømes mars til og med mai 2011 mot desember 2010 til og med februar 2011. Sesongjusterte endringar frå ein månad til ein annan må tolkast med varsemd.

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen