Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i industriproduksjonen
Norsk industriproduksjon hadde ein nedgang på 1,2 prosent frå mai til og med juli 2011 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.
Næringar som trelast- og trevareindustri og metallindustrien har hatt ein nedgang siste periode. Det same gjeld maskinreparasjon og -installasjon. Auka ordretilgang i maskinindustri og bygging av skip og plattformer (sjå kvartalsvis ordrestatistikk ) har gjeve grunnlag for vekst i produksjonen i desse næringane. Det har elles vore ein vekst i produksjonen i næringsmiddelindustrien frå mai til og med juli 2011 samanlikna med dei tre månadene i perioden før.
Frå juli 2010 til juli 2011
Produksjonen i norsk industri gjekk ned med 5,0 prosent frå juli 2010 til juli 2011, viser virkedagskorrigerte tal. Det var nedgang i næringsmiddelindustri, produksjon av kjemiske råvarer og i metallindustrien. Maskinindustri og metallvareindustrien har hatt ein auke i produksjonen i denne perioden.
Frå juni 2011 til juli 2011
Norsk industriproduksjon hadde ein nedgang 1,5 prosent frå juni til juli 2011, viser sesongjusterte tal. Det var ein nedgang i næringsmiddelindustri og metallindustrien, medan det var ein vekst i maskindustrien og bygging av skip og plattformer.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon gjekk ned 2,4 prosent frå juni 2010 til juni 2011, viser virkedagskorrigerte tall. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 3,6 prosent i same tidsrom.
Virkedagskorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 2010-juli 2011 | Januar 2010-juli 2010- Januar 2011-juli 2011 |
Juni 2011-juli 2011 | Februar 2011-april 2011- mai 2011-juli 2011 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | -4,3 | -7,2 | -1,5 | -1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning og utvinningstenester | -8,1 | -11,5 | -2,5 | -5,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | -5,0 | 0,9 | -1,5 | -1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 34,2 | -0,9 | 4,5 | 25,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 3,1 | 5,9 | -4,9 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | -2,1 | 0,4 | -0,5 | 0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -8,6 | 0,4 | -3,3 | -0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | -5,3 | -11,6 | 1,4 | -4,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. |
Tolking av sesongjusterte talFor å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, til dømes mai til og med juli 2011 mot februar til og med april 2011. Sesongjusterte endringar frå ein månad til ein annan må tolkast med varsemd. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no