Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i industriproduksjonen
Norsk industriproduksjon gjekk ned med 0,3 prosent frå 2. til 3. kvartal 2011, viser sesongjusterte tal.
Det var mellom anna nedgang i næringsmiddelindustri, trelast- og trevareindustri, kjemiske råvarer og metallindustrien. Endringane i kjemiske råvarer kjem delvis av nedgang i norsk solcellerelatert industri. Metallvareindustri, maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer hadde ein vekst i produksjonen i 3. kvartal 2011 samanlikna med 2. kvartal 2011. Veksten i maskinindustrien er knytt til ein klar auke i ordretilgangen (sjå ordrestatistikk for 3. kvartal 2011 ).
Frå september 2010 til september 2011
Produksjonen i industrien gjekk opp med 1,8 prosent frå september 2010 til september 2011, viser virkedagskorrigerte tal. Næringar med vekst i produksjonen var metallvareindustri, data- og elektrisk utstyrsindustri og maskinindustrien. Næringsmiddelindustri, trelast- og trevareindustri, kjemiske råvarer og metallindustrien hadde ein nedgang i produksjonen i same tidsrom.
Frå august til september 2011
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 0,8 prosent frå august til september 2011, viser sesongjusterte tal. Metallvareindustri, data- og elektrisk utstyrsindustri, maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer hadde ein vekst i produksjonen. Næringsmiddelindustri, trelast- og trevareindustri og papir- og papirvareindustrien hadde ein liten nedgang i produksjonen frå august til september 2011.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon gjekk opp 2,0 prosent frå august 2010 til august 2011, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 6,7 prosent i same tidsrom.
Virkedagskorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
September 2010- september 2011 |
Januar 2010-september 2010- januar 2011-september 2011 |
August 2011- september 2011 |
April 2011-juni 2011- juli 2011-september 2011 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeksen | 4,2 | -4,6 | -0,1 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning og utvinningstenester | 4,3 | -8,4 | 1,3 | 4,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 1,8 | 1,3 | 0,8 | -0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 16,5 | 4,0 | -10,5 | 12,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 7,3 | 6,3 | 1,8 | 0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 6,5 | 2,0 | -0,4 | 3,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | -5,2 | -1,0 | -0,1 | -4,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 5,1 | -8,3 | -1,2 | 5,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. |
Tolking av sesongjusterte tallFor å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel juli til og med september 2011 mot april til og med juni 2011. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. |
Tabeller
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no